NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 19.11.2019 21:12


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Algesopp        Pseudosopp        Råteskimmel        Rotråte på lauvtrær

Rotråte på lauvtrær

Phytophthora plurivora

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
TALGØ, V., HERRERO, M., TOPPE, B., BRURBERG, M.B., SLØRSTAD, T., THURSTON, R. & STENSVAND, A.
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Ny, alvorleg sjukdom funnen på lauvtre i eit skogholt i Stavanger

I 2009 vart det funne mørke flekkar på stammane på fleire spisslønn, ein bøk og ei bjørk ved Byhaugen i Stavanger. Slike flekkar er typiske symptom ved angrep av Phytophthora, og vert ofte omtala som blødande sår. På dei to førstnemnde artane vart det stadfesta at skadane skuldast rotråte på grunn av Phytophthora plurivora. Sjukdomen er kjent frå fleire land i Europa, der han vert sett på som ein stor trussel både i skog og andre økosystem. I oktober i år vart det også isolert Phytophthora frå bøk med liknande symptom i Bergen, men desse isolata er enno ikkje identifiserte til art.

  

  • I dette skogholtet ved Byhaugen i Stavanger vart det i 2009 funne Phytophthora-symptom på fleire lauvtreartar. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Tjærefarga barkflekkar, raudbrun misfarge i veden og daude greiner på spisslønn (Acer platanoides) (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Gammel bøk med ein relativt stor, svart flekk i barken og misfarga bark og ved under flekken. Det vart påvist Phytophthora plurivora i flak som vart skorne ut frå barken og veden. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Mulig Phytophthora plurivora på bjørk. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Skogholtet i Stavanger der det vart påvist Phytophthora plurivora grensar til beitemark, eit vatn, bustadfelt og ein kolonihage. Det er ikkje usannsynleg at smitten kan ha kome via ein privathage frå etablerte eller nyleg importerte planter. (Foto: V. Talgø, NIBIO)

Symptom

Ved angrep av Phytophthora plurivora vert bladverket glissent og gult og greiner daudar.  Dette skuldast at røtene gradvis vert øydelagde og dermed ikkje kan forsyna krona med nok næring og vatn. Det vert tjærefarga flekkar/blødande sår i barken på stammane, og veden vert misfarga under flekkane. Ved Byhaugen i Stavanger (Fig. 1) var det typiske blødande sår på både spisslønn (Fig. 2), bøk (Fig. 3) og bjørk (Fig 4), men daude greiner i krona såg vi berre på spisslønn. Det var også spisslønn som blødde mest frå stammane. Det kan tyda på at angrepet først kom på spisslønn og seinare spreidde seg til bøk og bjørk. Blødande sår vart også funne på bøken i Bergen.

Kor stor skade kan dette patogenet koma til å gjera?

Det er vanskeleg å spå om framtida, men Jung & Burgess (2009) seier heilt klart at P. plurivora, kanskje saman med P. cambivora (som vi har funne på edelgran i Noreg), for tida er den mest trugande Phytophthora-arten som fins i skogar og andre økosystem i Europa. Dette grunngjev dei med eit vidt vertplantespekter og høg aggressivitet mot naturleg heimehøyrande treartar som bøk og eik. Det er mogeleg at spådde klimaendringar kan vera med på å forverra situasjonen. Phytophthora-artar er generelt avhengige av fuktig klima. Det er all grunn til å fylgja nøye med på utviklinga i Stavanger og Bergen, og ei grundig kartlegging av situasjonen både der og elles i Noreg bør gjennomførast.

  

Vertplanter

P. plurivora har vorte isolert frå kreftsår eller rotsone frå 45 bar- og lauvtreartar i Europa og USA, inkluderar spisslønn (Acer platanoides) og bøk (Fagus sylvatica) (Jung & Burgess 2009). I tillegg til desse 45 vertplantene er det nyleg rapportert frå Danmark at P. plurivora er isolert frå ask (Fraxinus excelcior) (Thinggaard 2009). I Danmark er det også funne symptom på bøk. I skogholtet ved Byhaugen i Stavanger er fleire av planteslektene som står på vertlista til P. plurivora representerte, utan at det så langt er funne symptom på dei; ask, eik (Quercus), kristtorn (Ilex), selje (Salix), hassel (Corylus) og bergflette (Hedera).

Biologi

På verdsbasis er det så langt rapportert 67 Phytophthora-artar (Jung & Burgess 2009), men stadig nye artar vert oppdaga. P. plurivora vart tidlegare omtala som P. citricola, men ved hjelp av DNA-analysar, er han no utskilt som eigen art. P. citricola har tidlegare vorte isolert i Noreg frå mellom anna lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana) og rododendron (Rhododendron spp.) både i planteskular og grøntanlegg, men det er ikkje undersøkt om desse isolata i dag ville vorte identifisert som P. plurivora. Lawsonsypress er eit vanleg innslag i hagar og klyppegrøntfelt, og vil i så fall, saman med rododendron, kunna vera ei stor smittekjelde. P. plurivora er ein jordbuande skadegjerar som har rørlege sporar (zoosporar) som angrip røtene. Zoosporane kan symja nokre få millimeter eller følgjer passivt med drenerings- eller overflatevatn over lengre avstandar. Vidare har P. plurivora tjukkvegga sporar (oosporar) som kan overleva i jorda i årevis utan vertplanter. Smitten (oosporane) kan spreiast ved flytting av infiserte planter eller jordmasse til nye område.

 

Overleving og spreiing

Kvar kan smitten ha kome frå i Stavanger?

Det har ikkje vorte planta inn tre i skogholtet, men det grenser til bustadhus og ein kolonihage (Fig. 5), så smitten kan ha kome frå ein hage i området. Smitten kan ha fylgd nyleg importerte planter, eller kome til dømes frå etablerte plantingar av lawsonsypress og/eller rododendron. Skogholtet vert nytta som turområde, så smitten kan ha kome dit gjennom ferdsel av menneske og/eller dyr (til dømes med infisert jord på fottøy og hundelabbar).

Ei rad planteartar som ikkje høyrer naturleg heime i lauvskog på Vestlandet, har etablert seg i skogholtet i Stavanger; liguster (Ligustrum sp.), rododendron, hagtorn (Crataegus sp.), kirsebær (Prunus sp.), søtmispel (Amelanchier sp.), bulkemispel (Cotoneaster bullatus) og andre misplar (Cotoneaster spp.). Fleire av desse plantene kan ha kome frå omkringliggjande område med fuglar som har ete bær og dermed spreidd frø, men dette er truleg ikkje spreiingsvegen til P. plurivora. Dumping av hageavfall er ein større fare, men det såg vi ikkje spor av i 2009.

Litteratur

Jung, T. & Burgess, T. I. 2009. Re-evaluation of Phytophthora citricola isolated from multiple woody hosts in Europe and North America reveals a new species, Phytophthora plurivora sp. nov. Persoonia 22: 95-110.

Thinggaard, K. 2009. Phytophthora - en ny og alvorleg trussel mod de danske skove. Skoven 41(11): 478-481.

                      Oppdatert 3. mai 2011

Bilder


I dette skogholtet ved Byhaugen i Stavanger vart det i 2009 funne Phytophthora-symptom på fleire lauvtreartar. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Tjærefarga barkflekkar, raudbrun misfarge i veden og daude greiner på spisslønn (Acer platanoides) (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Gammel bøk med ein relativt stor, svart flekk i barken og misfarga bark og ved under flekken. Det vart påvist Phytophthora plurivora i flak som vart skorne ut frå barken og veden. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Mulig Phytophthora plurivora på bjørk. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Skogholtet i Stavanger der det vart påvist Phytophthora plurivora grensar til beitemark, eit vatn, bustadfelt og ein kolonihage. Det er ikkje usannsynleg at smitten kan ha kome via ein privathage frå etablerte eller nyleg importerte planter. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO