NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.05.2019 08:57


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Algesopp        Pseudosopp        Råteskimmel        Rothalsråte i frukt

Rothalsråte i frukt

Phytophthora cactorum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
IKKE OPPGITT
OPPDATERT:
30. desember 2013
Rothalsròte kan skuldast fleire soppartar i slekta Phytophthora men den vanlegaste årsaka er Phytophthora cactorum. Phytophthora er ikkje ekte soppar, men høyrer til eggsporesoppane. Same soppen er årsak til bleikròte på frukta. Soppen kan gi ròte både på røter (rotròte), på stammen under podestaden (rothalsròte) og over podestaden (stammeròte). Første symptom på sjukdomen er ofte generell mistrivnad hos treet, med lite tilvekst, dårleg fruktsetjing og tidleg gulning av lauv. På slike tre vil vi då ofte finne ein brunfarga ròte i barken heilt nedst på stammen, og skrapar vi av barken, er det ofte eit stripete mønster i sevjelaget. Det er ei skarp grense mellom friskt og skadd vev. Treet vil døy når soppen har vokse rundt heile stammen. Ofte kan treet ha dårleg vekst i fleire år før det døyr. Det er stor skilnad mellom grunnstammar i kor utsette dei er for rothalsròte. MM 106 er svært utsett. M 26 er litt mindre utsett enn MM 106, medan M9 og B9 er sterke mot sjukdomen. For å unngå problem med rothalsròte er det viktig å unngå stader med tung jord og dårleg drenering og forseinkingar i terrenget som periodevis vert oversvømde. Dette er lokalitetar som uansett høver dårleg til epledyrking. Alle tiltak som betrar dreneringa og hindrar at vatn vert ståande, vil redusere faren for rothalsròte. Det kan t.d. vere dyrking på drill der det er slike fuktige parti i hagen. På utsette stader bør vi dessutan unngå å bruke spesielt mottakelege grunnstammar som MM 106.  


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO