NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 16.04.2024 23:05


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Ursekksporesopp        Heksekostsopp

Heksekostsopp

Taphrina

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
20. februar 2018
Det er fleire artar innan sopp-slekta Taphrina som kan gje liknande symptom på mange ulike planteartar. I norsk fruktdyrking kan dei gjera skade på plomme, søtkirsebær, pære og fersken. Heksekost på eple er ikkje årsaka av ein Taphrina-art, men eit fytoplasma som er ein vegglaus bakterie.
  • Ferskenblære (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Pæreblære (Foto: A. Stensvand, NIBIO)

Symptomer/skade

Angrep av Taphrina-artar fører til misvekst, fordi soppen forstyrrar hormonbalansen lokalt i treet. Typiske symptom er heksekostar (deformert vekstpunkt og tett skotvekst), blærer på bladverk, misforma skot eller misforma frukter.

Plommepung (Taphrina pruni) er vanleg på sortane ‘Mallard’ og ‘Edda’.

Ferskenblære (Taphrina deformans) er ein svært øydeleggjande sjukdom i ferskendyrking i fuktig klima. Bladverket får vablar, skota kan verta misforma og døy. Infeksjonane kan skje svært tidleg om våren, og soppen kan smitta vidare utover i sesongen, i fuktig vêr og temperaturar under 16 ℃, med optimale tilhøve for infeksjon under 10 ℃. Dersom det ikkje vert sett inn tiltak, kan det øydeleggja trea heilt.

Pæreblære (Taphrina bullata) gjev blærer på pæreblad. Det er ikkje ein viktig sjukdom i norsk pæredyrking.

Heksekost på søtkirsebær (Taphrina wiesneri) er ikkje så vanleg å sjå i kommersielle hagar, men i privathagar og eldre hagar som ikkje vert stelte kan sjukdomen gjera stor skade.

I tillegg er det også Taphrina-artar som er årsak til heksekost på bjørk og fleire andre lauvtre, og deformerte frukter på til dømes hegg.

                              Publisert: 2. mai 2011 

 

Bilder


Ferskenblære (Foto: J. Børve, NIBIO)


Pæreblære (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO