NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.05.2019 09:50


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Ursekksporesopp        Heksekostsopp        Kirsebærheksekost

Kirsebærheksekost

Taphrina wiesneri

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
JORUNN BØRVE & ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
22. februar 2018
Heksekost på søtkirsebær er både typiske heksekostar og enkle skot/bukettgreiner der angrepet er synleg som raudt bladverk tidleg i sesongen.
  • Når søtkirsebærtre har raude blad i slutten av bløminga, er det lett å oppdaga angrep av heksekost (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Utover sommaren vert blad med angrep av heksekost vablete og gulgrøne og visnar delvis (Foto: A. Stensvand, NIBIO)

Symptom

Om våren vert blad på angripne skot først raude, seinare buklete og gulgrøne, og etterkvart visnar dei delvis, med mørke felt. Dei visne blada fell oftast av, og midt på sommaren kan angrep av heksekost vera vanskeleg å få auga på. Det kan dannast heksekostar (tett buskforma skotvekst).

Heksekost er ikkje alvorleg i norsk søtkirsebærdyrking, men kan gjera stor skade i privathagar. Dersom nye små angrep vert fjerna kvar vår, vil omfanget normalt vera lågt.

Tiltak

Skot med angrep av heksekost er lettast å sjå i trea når blada er raude. Ved å fjerna sjukt plantemateriale ut or hagen, vert omfanget av denne sjukdomen sterkt redusert. Det må skjerast inn på frisk ved for å vera sikker på at alt sjukt materiale er fjerna.

                 Publisert 2. mai 2011

Nært beslektet

Bilder


Når søtkirsebærtre har raude blad i slutten av bløminga, er det lett å oppdaga angrep av heksekost (Foto: J. Børve, NIBIO)


Utover sommaren vert blad med angrep av heksekost vablete og gulgrøne og visnar delvis (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO