NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 23:18


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Skivekonidiesopp        Bitterråte

Bitterråte

Colletotrichum acutatum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
26. februar 2018
Soppen Colletotrichum acutatum var tidlegare rekna som årsak til bitterròte, men denne er no delt inn i eit kompleks av over 20 artar. Fleire av dei er stadfesta i Noreg. Biologien til dei ulike artane, sjukdomen dei årsakar og tiltaka er svært like. Artane i C. acutatum-komplekset kan angripa mange planteartar, mellom anna alle frukt- og bærartane som vert dyrka i Noreg. I jordbær heiter sjukdomen jordbærsvartflekk. Både sur- og søtkirsebær er mottakelege, men  surkirsebær er mest utsett. Bitteròte er ein av dei vanlegaste lagersjukdomane på eple.
  • Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Sporulering av bitterròtesoppen på søtkirsebærknopp (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på pære (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterråte på surkirsebær (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)
  • Bitterròte på 'Aroma' eple (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på eple ved hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterråte på blad og bladstilk hjå surkirsebær (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)
  • Sporulering av bitterròtesoppen på surkirsebærblad (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterråte - sporulering på frukt og fruktstilk (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)
  • Sporulering av bitterròtesoppen på epleknopp (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterråte på søtkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Bitterròte på plomme (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på underutvikla frukt av søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bitterròte på søtkirsebærblad (Foto: J. Børve, NIBIO)

Symptom

Angripne frukter har runde, nedsokne flekkar. I desse kjem det ofte ei fuktig, oransje sporulering. Infeksjon på frukter er mest vanleg i tida rett før hausting, men kan også førekoma tidlegare i fruktutviklingsperioden, spesielt på underutvikla (t.d. aborterte) frukter. Soppen kan også leva på knoppskjell, blad, blomar og stilkar, men utviklar sjeldan symptom på anna enn fruktene.
I einskilde felt og år har denne sjukdomen gitt totalskade i søtkirsebær, men er meir årviss og alvorleg i surkirsebær.

Livssyklus

Det kjønna stadiet til soppen (Glomerella spp.) høyrer til sekksporesoppane. Men det er svært sjeldan å finna i naturen, og i praksis vil soppen berre overvintra og spreia seg i det ukjønna konidiestadiet. Konidiesporane spreier seg med vassprut over relativt korte avstandar. Soppen overvintrar i og utanpå knoppar, i fruktsporar og i inntørka infiserte frukter (mumiar) og fruktstilkar som heng att frå året før. Fjorårsgamle frukter og fruktstilkar som heng att i trea er meir vanleg i surkirsebær enn i søtkirsebær, sidan søtkirsebær vert hausta for hand. Fruktstilkane heng ofte på lengre utover våren og sommaren enn dei overvintra fruktmumiane og er difor smittekjelder over eit lengre tidsrom. Fruktstilkar og frukter på bakken betyr mindre som smittekjelder, fordi dei avsluttar sporedanninga tidlegare (vert nedbrotne av mikroorganismar i jorda), og fordi spreiing med vassprut i mindre grad vil nå opp i treet.

I vekstsesongen er smitten av soppen på bladverket og smittar knoppane på nytt når desse vert danna på ettersommaren og hausten. Bitterròtesoppen kan infisera frukter utan skadar, men infeksjon skjer raskare gjennom sår i fruktene. Soppen kan infisera i fuktig vêr frå bløming til hausting. Soppen kan veksa på mange planteartar, inkludert ugras, og smitte frå omkring-liggjande vegetasjon kan spreia seg inn i fruktfelt. Sporane klistrar seg lett til klede og sko og kan difor spreiast av folk.

Bekjempelse

Å hausta heile avlinga kvart år er eit viktig tiltak, slik at det ikkje er smitta frukter og fruktstilkar att i trea. Fjern daude plantedelar og rotne frukter. Rask opptørking etter regn vil gje soppen dårlegare vilkår for infeksjon. Unngå difor å planta utsette artar/sortar på stader med sein opptørking og skjer trea slik at dei er opne og luftige. Gamle fruktgreiner kan vera infiserte av soppen, så god fornying av veksten i trea vil redusera smittepresset. Sidan soppen treng fuktigheit for å angripa vil det å ha plastdekke over trea kunne redusera faren for angrep av bitterròte.
I konvensjonell dyrking har det vist seg at sprøyting to gonger med aktuelle soppmiddel frå avbløming og nokre veker framover er nok til å kontrollera sjukdomen i søtkirsebær. I surkirsebær må det gjerne fleire sprøytingar til, men sprøyting mot heggeflekk har vanlegvis verknad mot bitterròte også.

                           Publisert 17. september 2013

 

Bilder


Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)


Sporulering av bitterròtesoppen på søtkirsebærknopp (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på eple (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på pære (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterråte på surkirsebær (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)


Bitterròte på 'Aroma' eple (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på eple ved hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterråte på blad og bladstilk hjå surkirsebær (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)


Sporulering av bitterròtesoppen på surkirsebærblad (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterråte - sporulering på frukt og fruktstilk (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)


Sporulering av bitterròtesoppen på epleknopp (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterråte på søtkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Bitterròte på plomme (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på underutvikla frukt av søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bitterròte på søtkirsebærblad (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO