NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 17.06.2019 16:35


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Småbegersopp        Heggeflekk

Heggeflekk

Blumeriella jaapii

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
JORUNN BØRVE & ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
20. februar 2018
Heggeflekk er ein viktig sjukdom på surkirsebær, men kan også skada søtkirsebær. Soppen kan føra til tidleg bladfall, redusert avling og dårlegare kvalitet på avlinga.
  • Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Heggeflekk på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Omfattande bladfall i surkirsebær på grunn av heggeflekk (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Heggeflekk på surkirsebærstilk (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Heggeflekk på surkirsebær (Foto: A. Stensvand, NIBIO)

Utbreiing

I Noreg er sjukdomen funnen på hegg nord til Troms fylke. Heggeflekk ser ut til å vera meir vanleg i fruktdyrkinga på Austlandet enn på Vestlandet.

Vertplanter

Heggeflekk angrip ulike vertplanter innan slekta Prunus, mellom anna surkirsebær,  søtkirsebær, plomme og hegg. Det er skilnad mellom sortar innan kvar art i kor utsette dei er for heggeflekk.

Livssyklus

Soppen overvintrar i infisert bladverk på bakken. Det er stadfesta smitte av soppen på knoppar i prydkirsebær, men ukjent om det finn stad i surkirsebær. Soppen kan infisera fruktstilkane og overvintra i stilkar som heng att på trea og med det vera smittekjelde året etter.
Om våren (april  - mai) vert det spreidd konidiesporar og askosporar frå blad på bakken. Konidiesporar kan spreia seg frå gamle fruktstilkar. Det vil vera sekundær spreiing av konidiesporar frå nyleg infisert plantevev.

Symptom/skadeverknad

Symptoma er litt ulike på sur- og søtkirsebær. På surkirsebær får blada først små raude eller lilla flekkar. Ved sterke angrep vert blada gule og fell av, men det er framleis eit grønt felt rundt infeksjonen på surkirsebær. Under fuktige tilhøve vert det ofte utvikla ein ljos rosa eller kvit sporemasse på undersida av blada. Flekkane vert synlege 5 til 15 dager etter infeksjonen, avhengig av klimatilhøva. Også fruktstilkane kan få synlege infeksjonar, medan fruktinfeksjonar berre førekjem ved svært sterke angrep og kjem til syne som små nekrotiske flekkar. Ved svært sterke angrep, der det er omfattande bladfall, vil ikkje fruktene utvikla seg normalt. Tidleg bladfall på grunn av heggeflekk fører til redusert avling og dårlegare vinterherding, slik at fruktsporar, greiner og gjerne heile tre kan døy. Fruktene vert dårleg utvikla i sesongar med omfattande skade. Viss det er sterke angrep året før, kan både avlingsnivået og fruktstorleiken gå ned året etter.

Flekkane på blad av søtkirsebær er større og meir sirkelforma enn på surkirsebær. Generelt er søtkirsebær mindre mottakeleg enn surkirsebær. Infeksjonen på søtkirsebær har ein lengre latent periode, færre flekkar og redusert sporulering frå flekkane. Omfattande bladfall er meir sjeldan på søt- enn på surkirsebær.

Tiltak

Vel sortar som er lite mottakelege for heggeflekk.

Ved å fjerna bladverket før spreiinga av sporar starter om våren, vil ein redusera smittepresset. Det er kjent frå andre sjukdomar som overvintrar på bladverk at nedmolding eller knusing av blada på bakken reduserer smittepresset. Slike tiltak vil truleg også ha god effekt mot heggeflekk.

For å unngå sjukdomen kan det sprøytast med soppmiddel når det er tilhøve for infeksjon.

Generelle råd for å korta ned tida med fuktig bladverk er å halda trea opne med god skjering og plassera felta på opne og luftige stader. I søtkirsebær kan bruk av plastdekke for å hinda vått bladverk i den mest utsette perioden truleg vera eit godt tiltak, men dette er ikkje økonomisk forsvarleg i surkirsebær.

                                Publisert: 22. september 2013

 

Bilder


Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Heggeflekk på surkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Omfattande bladfall i surkirsebær på grunn av heggeflekk (Foto: J. Børve, NIBIO)


Heggeflekk på surkirsebærstilk (Foto: J. Børve, NIBIO)


Heggeflekk på søtkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Heggeflekk på surkirsebær (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO