NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 24.06.2019 13:47


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Konidiesopp        Frispora konidiesopp        Fusariumråte i frukt

Fusariumråte i frukt

Fusarium spp

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
JORUNN BØRVE
OPPDATERT:
18. januar 2018
Fleire artar i soppslekta Fusarium kan gjera skade både på frukt og på tre. I dei tilfella arten har vore identifisert, har Fusarium avenacum dominert. Ròte av Fusarium er vanleg som innròte i ein del eplesortar og som lagerròte. På søtkirsebær og plomme er angrep av Fusarium sjeldan under lagring. Fusarium som veks på frukttre er mest vanleg dersom trea har vore utsett for kraftig stress og vert då ein sekundær skade.
  • Lagerròte av Fusarium (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Innròte av Fusarium (Foto: J. Børve, NIBIO)

Utbredelse

Fusarium-soppane er vanlege overalt der det er plantedyrking. Angrep av Fusarium er meir alvorleg t.d. i korndyrking enn i fruktdyrking.

Vertplanter

Fusarium-soppane har mange vertplanter.

Livssyklus

Viktigaste smittekjelda  i fruktdyrkinga er ikkje undersøkt, men det kan vera smitte i jord då Fusarium kan overleva der ved hjelp av kvilesporar. Smitte av eplefrukt kan skje etter bløming når det er open kanal mellom begeret og kjernehuset. Då vert det danna ròte i kjernehuset; innròte. Seinare er Fusarium-soppen avhengig av sår eller annan skade for å infisera eple. Desse kan oppstå ved hausting og sortering. I steinfrukt er det svekka vev eller overmogne frukter i tillegg til frukt med skade som kan få angrep, som normalt vert utvikla under lagring.

Symptom/skadeverknad

I ein del eplesortar er innròte vanleg. Roten fører til at epla vert mogne før dei andre og dei kan detta på bakken før hausting. Slike eple kan også henga på og roten utviklar seg vidare under lagring. Lagerròte av Fusarium er ein vanleg ròte på eple saman med bitterròte, kjølelagersopp, gul monilia og gråskimmel. Angrep på sjølve trea er observert på svekka småtre, grunnstammer og podekvist. På eldre tre har det vore observert når trea har vore utsett for sterkt stress t.d. av å stå i vassjuk jord eller er frostskadde.

Fusarium-artar kan danna mykotoksin. Slike giftstoff er ikkje ynskeleg i eple brukt til vidarefordeling, t.d. syltetøy og saft.

Tiltak

Smittekjeldene til desse soppane er truleg mange andre planteartar og det er nok ikkje så lett å unngå smitten. Sortsvalet kan vera viktig for å unngå innròte. Lagerròte startar i sår og det er difor viktig å unngå at det vert sår. Dessutan bør storkassar vera frie for jord når dei vert tømt i pakkemaskina slik at evt. smitte med planterestar og jord ikkje vert ført over i vatnet.


                        Publisert 18. januar 2018

 

Bilder


Lagerròte av Fusarium (Foto: J. Børve, NIBIO)


Innròte av Fusarium (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO