NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 25.08.2019 03:18


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Småbegersopp        Sopp på barlind

Sopp på barlind

Cryptocline taxicola

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
VENCHE TALGØ, KARI ØRSTAD & GUNN MARI STRØMENG
OPPDATERT:
5. mai 2017
I vekstsesongen 2016 vart det observert uvanleg mange visne skot på barlind ved fleire lokalitetar i Oslo og Akershus etter angrep av soppen Cryptocline taxicola. Der det er praktisk mogeleg, bør daude skot fjernast for å minske smittepresset før dei nye nålene bryt i neste vekstsesong.
  • Barlind med angrep av soppen Cryptocline taxicola. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
  • Sporehus og sporemasse av soppen på brun nål av barlind (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Utbreiing

I 2001 vart soppen Cryptocline taxicola funnen på barlind (Taxus baccata) i Ås, Akershus for første gong i Noreg. På det tidspunktet hadde soppen mellom anna vorte rapportert frå Tyskland og Canada. Etter 2001 har C. taxicola ved fleire høve vorte funnen i grøntanlegg både på Aust- og Sørlandet, mellom anna på Dømmesmoen ved Grimstad i 2005. I vekstsesongen 2016 vart det observert meir skade enn nokon gong tidlegare ved fleire lokalitetar i Oslo og Akershus.

Symptom

Soppen angrip årsskot og dannar sporehus (acervuli) på begge sider av nålene. Ein kan sjå soppen (sporehus) på relativt grøne nåler, men dei vert etter kvart brune. Når ein legg infisert bar nokre dagar i fuktkammer (100 % relativ luftfukt) ved romtemperatur, vil det veksa fram sporehus, og overhuda (epidermis) på nålene vil då sprekka opp. Sporane kjem til syne som ein kremfarga masse som tyt ut frå sporehusa. På tørre nåler ser sporehusa mørke og innsokne ut.

Vertplanter

Cryptocline taxicola angriper barlind (Taxus)

Biologi

Soppsporane vert produserte i fuktig vær og spreidde med vassprut. Sidan angrepa skjer på nåler på årsskot, er det rimelig å tru at smitten skjer om våren når dei nye nålene er mjuke og under utvikling.

Tiltak

Ingen tiltak er tilrådde i det vesle som er av litteratur om denne soppen, men truleg er det viktig å fjerna bar som har angrep for å få ned smittepresset før dei nye nålene bryt.

Litteratur

Talgø, V. Ørstad, K. & A. Stensvand 2004. Ny soppsjukdom på barlind. Gartneryrket 101(1): 23.

               Publisert 5. mai 2017.

Bilder


Barlind med angrep av soppen Cryptocline taxicola. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Sporehus og sporemasse av soppen på brun nål av barlind (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO