NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 17.06.2019 03:23


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Konidiesopp        Frispora konidiesopp        Buksbomkreft

Buksbomkreft

Volutella buxi

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
TALGØ, V., STENSVAND, A. & WAASETH, G.
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Her i landet er det funne til dels omfattande skade på buksbom både i ein planteskule og i klyppegrøntfelt. Før den nye veksten kjem i gang om våren, vil blad i toppen av greiner verta gule til bronsefarga og infiserte greiner vil som regel visna litt frå tuppen og innover (Figur 1). Når ein kuttar i barken vil ein finna brun til svart misfarge. Ofte ser ein Volutella-infeksjon i samband med frostskade. Dersom det berre er ein lett frostskade, vil nye, friske blad etter kvart dekka over dei bronsefarga blada. I hagar, parkar og anlegg vert buksbom ofte forma. Såra etter slik klypping kan vera inngangssport for Volutella. Dersom Volutella er til stades, vil ein ved varmt og fuktig vær kunna sjå eit oransje til beige belegg på undersida av misfarga blad (Figur 2) og på skot. Dette er sporehopar som tyt ut frå sporehus (acervuli). Under kvart blad er det tusenvis av sporar som ved hjelp av vassprut frå regn eller vatning kan spreiast og infisera nye blad og skot på buksbom.

Biologi

Både frå USA og England vert Volutella omtala som ein svak parasitt som berre kan etablera seg i skadd plantevev.

Bekjempelse

Infiserte plantedelar må klyppast bort. Pass på å klyppa nokre cm inn på friskt vev for å vera sikker på at det ikkje er sopptrådar (hyfer) igjen på skotet. Sporane kan fylgja med sakser, klede og hud, og klyppinga bør difor skje i tørt vær for å hindra spreiing og infeksjon. Det beste er å gjera dette på ei tid på året som det er for kaldt til sporeproduksjon. Januar og februar er difor truleg den beste tida dersom det er tydelege symptom. I alle fall bør det gjerast i god tid før nye knoppar bryt. Alt infisert plantemateriale bør leggjast i ein kompostbinge og dekkast over for å hindra sporespreiing eller på anna vis fjernast frå hagen/anlegget. Soppen trivest i fuktige, tette bestand. Buksbom er i seg sjølv tettvoksen, men ein kan sørgja for å planta med god avstand der det ikkje er snakk om hekkplanting.

Litteratur

http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/69571/gke_101oe_Volutella.pdf 

                     Oppdatert 11. november 2011


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO