NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 14:59


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Konidiesopp        Frispora konidiesopp        Cladosporium spp

Cladosporium spp

Cladosporium spp

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve
OPPDATERT:
17. januar 2018
Cladosporium spp. er ein sopp som finst nær sagt overalt. Skadepotensialet ser ikkje ut til å vera stort, men soppen er vanleg å sjå på overmogen, skadd og svekka frukt.
  • o Vekst av Cladosporium sp. i søtkirsebærfrukt med fuglehakk (Foto: J. Børve, NIBIO)

Vertplanter

Alle frukt- og bærartane kan få angrep, men ikkje i alvorleg grad.

Livssyklus

Soppen kan overvintra på daudt plantemateriale i jord og produserer store mengder sporar som kan verta spreidd i luft. Soppsporane til Cladosporium spp. utgjer ein ein vesentleg del av dei vanlege soppsporane i luft. Soppen har evne til å veksa på frukt under kjølelagring.

Symptom/skadeverknad

Angrep av Cladosporium spp. startar med kvitt mycel som seinare får kraftig mørk grøn sporulering.

Søtkirsebær
Det er vanleg å sjå at Cladosporium spp. veks i sprukne frukter av søtkirsebær. Tiltak som hindrar sprekking, som t.d. bruk av plastdekke og rett vatningsstrategi vil då redusera omfanget. Det kan vera rotning i omsetning av Cladosporium spp. på frukter utan synleg skade. Desse er truleg svekka eller overmogne og har vorte smitta under sortering og pakking.

Eple
Eple med fysiologiske skadar har ofte vekst av Cladosporium sp. i skaden. Det er den fysiologiske skaden som er primærskaden og som det bør setjast inn tiltak mot. Frå andre land er det rapportert at Cladosporium spp. også kan gje ein tørr innròte i eple.

Tiltak

Bruk av kopar kan redusera smittepresset. Direkte tiltak før hausting for å unngå rotning av frukt og bær finst ikkje, men det er råd å gjera tiltak mot skadane soppen byrjar å veksa i eller på. Plastdekke over søtkirsebærtre for å unngå sprukne frukter, opne og luftige tre og buskar for å unngå høg luftfukt, regelmessig hausting av frukt og bær for å unngå at overmogne frukt/bær vert hengjande att og utvikla ròte, hausting i tide for at det ikkje skal verta fysiologisk skade på eple under lagring er nokre døme.

                         Publisert 17. januar 2018

 

Bilder


o Vekst av Cladosporium sp. i søtkirsebærfrukt med fuglehakk (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO