NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 30.11.2020 14:59


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Mjøldogg        Eplemjøldogg

Eplemjøldogg

Podosphaera leucotricha

SKREVET AV:
JORUNN BØRVE & ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
17. januar 2018
Mjøldogg er eit namn for sjukdomar årsaka av ein familie av sekksporesoppar som gjev eit kvitt, mjølliknande belegg av mycel og sporar på plantene. Eplemjøldogg er ofte knytt til veksten frå ein knopp, dvs ein fruktspore eller eit skot, og omfanget i Noreg er vanlegvis ikkje alvorleg i Noreg, men nokre sortar er relativt mottakelege.
  • Eplemjøldogg (Foto: H.B. Gjærum, NIBIO)
  • Eplemjøldogg (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Mjøldogg på ny skotvekst (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Mjøldogg på små epletre i plasthus (Foto: J. Børve, NIBIO)

Utbreiing

Eplemjøldogg årsaka av soppen Podosphaera leucotricha er vanleg overalt der det vert dyrka eple.

Vertplanter

Eple og pære.

Livssyklus

Soppen overvintrar som mycel i infiserte knoppar. Etter knoppsprett veks soppen som eit kvitt belegg på blomar, blad og skot. Desse primærinfeksjonane («mjøldoggtoppane») produserer store mengder sporar (konidiar) som kan spreiast med vinden over store avstandar og infisera nye blad (sekundærinfeksjonar). Soppen kan spreia seg vidare med konidiar frå nye infeksjonar. Infeksjon på blad skjer berre mens dei er heilt unge.

Frå infiserte blad veks soppen inn i knoppane der han overvintrar. På skota vert det etter kvart danna mørkfarga sporehus med sekksporar. Desse er truleg lite viktige for overleving og spreiing av soppen.

Undersøkingar tyder på at det må vera under -20 ºC for å drepa smitten i infiserte knoppar. Friske knoppar tåler 2-10 ºC lågare temperatur enn angripne knoppar. Varme, tørre somrar kombinert med milde vintrar gir størst problem med eplemjøldogg. Best vilkår for soppvekst og sporespreiing er det når det er tørt og varmt (om dagen), og best vilkår for infeksjon ved høg luftråme (om kvelden/natta). Fritt vatn frå regn eller spreiarvatning hemmar infeksjonen sterkt. Infiserte knoppar toler låg vintertemperatur dårlegare enn friske knoppar. Etter ein hard vinter vil difor mange av dei infiserte knoppane døy og smittepresset vera sterkt redusert.

Symptom/skadeverknad

Om vinteren  kan ein sjå skot som vart angrepne av mjøldogg førre vekstsesong; dei har gjerne redusert lengdevekst, eit lyst belegg med soppmycel og ofte talrike små, mørke sporehus i mycelet.

Når veksten kjem i gang om våren, bryt infiserte knoppar med misforma blomar og smale blad med eit kvitt mjølaktig belegg av soppmycel og sporar (konidiar). Knoppane bryt gjerne dårleg eller ikkje i det heile. Ofte er heile fruktsporar eller skot infiserte og dekka med eit kvitt belegg («mjøldoggtoppar»). Dette vert ofte kalla primærinfeksjonar. Blomane i slike primærinfeksjonar vil abortera og ikkje utvikla frukter. Nye infeksjonar (sekundærinfeksjonar) kjem i form av gråkvite flekkar på blad, særleg på bladundersida. Bladundersida kan verta fiolettfarga, og bladkanten kan rulla seg opp.

Korkrust i eit nettforma mønster på fruktene (ikkje så vanleg) kan skuldast angrep (sekundærinfeksjonar) under bløming eller på tidleg kartstadium. På svært utsette sortar kan det også vera mjøldogg som sporulerar (dannar sporar) på sjølve fruktene.

Når små tre eller grunnstammer står inne i plasthus og veksthus, er dei særleg utsette for mjøldogg.

Sterke angrep av mjøldogg gjev redusert tilvekst i trea og reduserte avlingar. Det kan vera stor skade ved angrep på tre i planteskular og på unge tre i felt, fordi tilveksten kan verta sterkt hemma. Mindre angrep på større tre har lite å seia økonomisk.

Tiltak

Sortsval er viktig for å unngå store angrep, sidan det er stor skilnad i kor utsette ulike sortar er for angrep av mjøldogg. Det er meir vanleg å sjå mjøldogg på ‘Summerred’ og ‘Raud Gravenstein’ enn på ‘Aroma’og ‘Discovery’. I tillegg er det viktig å ha ei balansert nitrogengjødsling, då mykje nitrogen gjerne gir kraftig vegetativ vekst, noko som gjer trea meir utsette for angrep. Dersom det er angrep i felta, kan det svara seg  å fjerna slike sjuke plantedelar. Dette reduserar vidare spreiing av sjukdomen i felta utover sommaren. Dette er spesielt viktig i unge felt, der trea kan ha mjøldoggsmitte med frå planteskulen, og angrepet fort kan ta overhand på små tre.

Det kan svara seg å fjerna primærinfeksjonane før dei rekk å spreie soppen vidare. Skjer bort infiserte skot ved vinterskjering. Gå dessutan gjennom hagen og fjern mjøldoggtoppar og infiserte blomeklasar ved tett klynge. Følg med seinare i sesongen og fjern infiserte toppar som står att. Tre av utsette sortar med mykje mjøldogg er smittekjelder som kan gje auka problem med sjukdomen på dei mindre mottakelege sortane.

I tørre periodar kan faren for infeksjon reduserast med spreiarvatning, fordi fritt vatn hemmar sporespiring. Dette kan vera eit aktuelt tiltak i plasthus og veksthus, i privathagar eller i økologisk dyrking. Ver då klar over risiko for skurv på skurvmottakelege sortar viss det er sein opptørking. Det finst fleire kjemiske preparat som har verknad mot mjøldogg.

                       Publisert 18. oktober 2013

 

Bilder


Eplemjøldogg (Foto: H.B. Gjærum, NIBIO)


Eplemjøldogg (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Mjøldogg på ny skotvekst (Foto: J. Børve, NIBIO)


Mjøldogg på små epletre i plasthus (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2020 NIBIO