NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 29.03.2024 13:31


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Mjøldogg        Syrinmjøldogg

Syrinmjøldogg

Erysiphe syringae

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Herrero, M. & Stensvand, A.
OPPDATERT:
Før november 2013

I august 2006 vart det for første gong gjort funn av mjøldogg (Erysiphe syringae syn. Microsphaera syringae ) på vanleg syrin (Syringa vulgaris) ved fleire lokalitetar i Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark. 

Symptom

Symptoma på soppen er eit gråkvitt lag på oversida av blada (Figur 1). Som regel vil ikkje mjøldogg gi store skadar på plantene, og skaden er gjerne meir estetisk. Men i enkelte tilfelle frå USA er det rapportert om sterke skadar på bladverket, tidleg bladfall og vekstreduksjon. I USA vart det gjort ei undersøking av kor utsette artar og sortar av syrin er for mjøldogg, og dei fleste sortar av vanleg syrin ser ut til å vera mottakelege for soppen.

Vertplanter

Mjøldogg er ein av dei aller viktigaste soppsjukdomane i grøntanlegg. Soppen er oftast spesifikk for ein planteart, og til dømes kan ikkje mjøldogg på rose smitta over på syrin eller omvendt. Vi får stadig inn nye artar av mjøldogg, og flytting av plantemateriale over landegrensene er nok viktigaste årsaka til dette.

Biologi

Sjukdomen vart observert allereie i 2004 i Oslo, men funnet vart ikkje sikkert stadfesta. Mjøldogg på syrin er vanleg i USA, men sjukdomen er også rapportert frå fleire europeiske land. Symptoma på soppen er eit gråkvitt lag med mycel og sporar (konidiar) på oversida av blada (Figur 1). Det vert danna små, lyse sporehus (lett synlege i ei lupe) i mycelet. Sporehusa vert mørkebrune etter kvart som dei mognar (Figur 2). Sporehusa har karakteristiske vedheng og inneheld fleire sporesekkar med sporar (Figur 3).

Soppen spreier seg best i varmt, tørt vær (om dagen) og infiserer plantene ved høg luftråme (om natta). Det typiske været som gir mjøldogg, er varme, fine dagar og kjølege netter. Gunstige periodar for infeksjon av soppen er difor tidleg på sommaren og om ettersommaren.

Bekjempelse

Eit viktig tiltak mot mjøldogg er å syta for god skjering og med det god luftsirkulasjon og god lystilgang. Dette vil redusera luftråmen og infeksjonsfaren. I planteskular kan det vera aktuelt å sprøyta med kjemiske middel i periodar der ein kan forventa angrep eller når ein ser dei aller første symptoma. I grøntanlegg bør ein så langt det let seg gjera unngå bruk av kjemiske middel.

              Oppdatert 27.april 2011


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO