NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 22:23


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Småbegersopp        Grå monilia

Grå monilia

Monilia laxa

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
18. januar 2018
Grå monilia er ein sjukdom knytt til frukttre. Soppen Monilinia laxa kan angripa både blomar, skot og frukter. Ein nær slektning, Monilinia fructigena er årsak til gul monilia i frukt. Både gul og grå monilia kan gje ròte på frukt på dei same trea. I tillegg er det tre andre artar av Monilina i frukt, Monilinia mali, Monilinia fructicola og Monilina polystroma. Dei er ikkje funne i norske frukthagar.
  • None (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Grå monilia på surkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Grå monilia på kirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • None (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Grå monilia på kirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • None (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • None (Foto: J. Børve, NIBIO)

Symptom

Soppen er årsak til ein brun, turr ròte som utviklar seg fram mot hausting. I roten vert det danna grå sporehopar. Dersom frukta har angrep av gul monilia, vil sporehopane som regel vera meir gulkvite. Soppen spreier seg lett frå frukt til frukt og då kan kan heile klasar av frukter rotna. Fruktene kan også rotna under lagring og omsetjing. Angripne frukter vil tørka inn (blir «mumifisert») og vert hengjande att i trea som viktige smittekjelder året etterpå.

Soppen kan også angripa blomar som då vil visna, og han veks gjerne nedover i blomestilken og inn i fruktgreina. Ved fuktige tilhøve kjem det grå sporulering på angripne blomar og fruktgreiner.

Ved kraftig angrep i bløminga, kan talet på fruktkart verta redusert, men det viktigaste med slike infeksjonar er at dei visne blomane er smittekjelde for nye angrep på frukter. Seinare angrep på fruktene reduserer både mengd og kvalitet (toleevne i omsetnad) på avlinga monaleg. Fruktene som rotnar kan smitta vidare til andre frukter og heile klasar rotnar. Søtkirsebær har blomeknoppar på eigne fruktgreiner (bukettgreiner), og angrep av grå monilia ser gjerne mindre dramatisk ut enn på surkirsebær, fordi berre somme av bukettgreinene døyr. På surkirsebær sit gjerne blomane nedst på årsskota, og viss desse vert angripne av grå monilia, vil heile skotet visna.

Det er berre blomane og skota på eple som får angrep av grå monilia. Sidan dette er ei spesialform av soppen, vil ikkje soppen kunna smitta frå eple til steinfrukt eller omvendt. Når det er fuktig vêr under bløminga, kan utsette sortar som til dømes ‘Aroma’, få omfattande angrep.

Vertplanter

Alle fruktartane kan få angrep av grå monilia. I eple er det ein eigen form av soppen (formae specialis mali) som gjev visning av skot.

Livssyklus

M. laxa overvintrar i inntørka fruktmumiar og i daude bukettgreiner eller skot frå sesongen før.  Frå fruktmumiane og dei infiserte skota vert det spreidd konidiesporar gjennom heile vekstsesongen. Det vert danna meir sporar di fuktigare vêr det er. Sporane kan verta spreidde med vinden over større avstandar.

Soppen infiserer med konidiar gjennom den opne blomen (via arret) og veks så ned gjennom blomestilken og inn i fruktgreina. Dei infiserte fruktgreinene kan døy, slik at blomar og blad visnar. Frå infiserte fruktgreiner kan soppen veksa inn i hovudgreina og danna kreftliknande sår. Dersom soppen veks heilt rundt hovudgreina, døyr den delen av greina som er utanfor såret, men i søtkirsebær er det oftast berre bukettgreinene som døyr.

I fuktig vêr bryt små, grå sporeputer raskt fram frå dei daude plantedelane, og konidiar frå desse sporeputene vert spreidde med vinden. Soppen kan også infisera kart og mognande frukter. Slik infeksjon skjer gjennom sprekker og sår eller ved direkte kontakt med ei infisert frukt. Soppen spreier seg lett frå frukt til frukt under lagringa. Problemet med denne sjukdomen er ofte størst når vêret i bløminga er kjøleg og vått. Då vert det produsert rikeleg med sporar, som har gode vilkår for infeksjon i dei fuktige blomane. Det kan også verta mykje skade dersom det er mykje regn seinare (på karten).

Tiltak

Å fjerna frukter og skot som vart infiserte året før, er viktig for å redusera smittepresset. I konvensjonell fruktdyrking finst gode kjemiske middel, og det kan vera aktuelt å sprøyta både i bløminga og på grøn kart.

Fjern ròtne frukter så snart du ser dei, både før, under og etter hausting. Haust heile avlinga kvart år. Det er best å unngå at dei infiserte fruktene utviklar seg til mumiar ved å fjerna dei så raskt som mogeleg. Vert det likevel danna mumiar, må dei fjernast før knoppsprett neste år. Fjerning av fruktmumiar kan gjennomførast i samband med skjering av trea om vinteren. Ved sein fjerning vil mumiane kunna spreia smitte frå bakken utover våren og sommaren før dei vert nedbrotne. Fruktgreiner infiserte med grå monilia må skjerast bort.

Rask opptørking etter regn vil gje soppen dårlegare vilkår for infeksjon. Unngå altfor lune stader med sein opptørking, og hald trea opne og luftige ved skjering. Spreiarvatning gjer trea våte og kan auka problema med grå monilia og andre ròtesoppar. Fruktsprekker er innfallsportar for både grå og gul monilia. Jamn vatning under fruktmogninga og plastdekke i søtkirsebær motverkar sprekking og vil difor redusera problemet med monilia. Di tidlegare plastdekkinga skjer, di mindre ser det ut til at ròteproblema i søtkirsebær vert. Dekking heilt frå bløming utan sprøyting har i norske forsøk gitt like lite ròte som dekking frå dei siste 6-7 vekene før hausting og 2-3 sprøytingar med soppmiddel. Bruk av plasttak/plasttunnelar er det klart viktigaste tiltaket mot ròtesoppar i økologisk produksjon av søtkirsebær.

Alle tiltak i hagen som reduserar skade på fruktene av insekt eller andre årsaker, vil redusera skaden av monilia. Rask nedkjøling etter hausting og kontinuerleg kjølekjede fram til frukta er omsett vil redusera utvikling av ròten i infiserte frukter og redusera faren for spreiing av smitte til friske frukter.


               Publisert 22. september 2013

Bilder


None (Foto: J. Børve, NIBIO)


Grå monilia på surkirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Grå monilia på kirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


None (Foto: J. Børve, NIBIO)


Grå monilia på kirsebær (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


None (Foto: J. Børve, NIBIO)


None (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO