Utskrift 15.10.2024 09:06
Plommevepsene Hoplocampa minuta og H. flava kan år om anna føre til stor økonomisk skade på plommeavlingane. Særleg i Ryfylke er plommevepsen eit problem, men utviklinga dei siste åra tyder på at plommevepsen er på vandring nordover. Nokre plommesortar er meir utsette for skade enn andre. Svake angrep av plommeveps kan sjåast på som tynning av karten.
Den vaksne plommevepsen er 4,5 - 6,3 mm lang og er glinsande svart med gule bein. Dei klåre vengene har eit brunt ribbenett. Larven er gulkvit.
Blom
Egglommene kan sjåast ved basis av begeblada der egga vert lagde.
Frukt
Inngangshola til plommevepslarvene i karten er lette å sjå. Desse er runde og ein ser litt avføring frå larvene rundt inngangsholet. Ofte er mange eller alle frukter i ein klase angripne. Angripne frukter modnar raskare enn friske frukter.
Skadepotensiale
Plommevepsen kan år om anna føre til stor økonomisk skade på plommeavlingane. Særleg i Ryfylke er plommevepsen eit problem, men utviklinga dei siste åra tyder på at plommevepsen er på vandring nordover. Nokre plommesortar er meir utsette for skade enn andre. Sortar som blømer tidleg og seint er mindre utsette enn sortar som til dømes 'Victoria' og 'Althans', truleg fordi dei blømer utanfor hovudflygeperioden til plommevepsen. Svake angrep av plommeveps kan sjåast på som tynning av karten.
Sør-Noreg. Særleg i Ryfylke er plommevepsen eit problem, men utviklinga dei siste åra tyder på at plommevepsen er på vandring nordover.
Plomme.
Sjå også omtale av epleveps. Plommevepsen kjem fram under bløminga. Den vaksne vepsen er 4,5 - 6,3 mm lang. Vepsen er aktiv i varmt, solrikt vær og dei vert tiltrukke av plommeblomar. Paringa skjer rett etter klekking. Egga vert putta inn i ei egglomme ved basis av eit begerblad. Dei nyklekte larvene borar seg inn i fruktknuten og øydelegg karten. Kvar larve kan øydeleggje 3-5 plommer. Etter å ha hola ut ein kart og ha skifta skal, borar larva seg inn i ein ny kart. Når larva er fullvaksen slepp den seg ned på jorda og spinn seg inn i ein kokong der den overvintrar.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg |
Varsling
Kvite limfeller virkar tiltrekkjande på vaksne plommeveps, og desse kan nyttast for å finne om plommeveps er tilstades i hagen og kor mykje veps det er. I Sveits er skadeterskelen sett til 80-100 veps per felle dersom ein har 2-3 feller per sort (30-50 m mellom kvar felle).
Tiltak
Sjå epleveps.
Publisert 18. februar 2011
Plommeveps (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Plommeveps (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Plommeveps (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Plommeveps (Foto: I. Helleland, Planteforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO