NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 23.09.2019 13:00


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Nebbmunner        Plantesugere        Bladlus        Egentlige bladlus        Rød eplebladlus

Rød eplebladlus

Dysaphis plantaginea

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
GUNNHILD JAASTAD
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Raud eplebladlus er ikkje så vanleg som grøn eplebladlus, men skaden kvar enkelt lus gjer er større. Skadeterskelen for raud eplebladlus er difor sett til 1-2 % skadde kortskot. Raud eplebladlus overvintrar som egg i barksprekker og ved knoppbasar på epletrea.

  • Rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )
  • Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )
  • Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )
  • Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )

Utsjånad

Raud eplebladlus er raudbrun/blågrå av farge, og er dekka av eit fint blå-kvitt vokslag. Antennene er litt kortare enn kroppen, og ryggrøyra er mørke. I juni-juli vert det fødd vinga individ som er glinsande svarte.

Symptom

Skot
Ved sterke angrep kan nye skot vri seg, og trea få skeive greiner og misforma krune.

Blad
Angrep fører til sterk bladkrølling med oppsida av blada ut. Blada vert også svakt misfarga.

Blom
Bladlusa angrip blomar, fører til krølla krunblad.

Frukt
Enzym i «spyttet» til raud eplebladlus blir transportert med safta i treet, og fører til at ein ikkje får normalt kartfall. Det fører også til at dei fruktene som utviklar seg vert små, knudrete og oppsvulma i begeret («rynkeeple»).

Skadepotensiale
Raud eplebladlus er ikkje så vanleg som grøn eplebladlus, men skaden kvar enkelt lus gjer er større. Skadeterskelen for raud eplebladlus er difor sett til 1-2 % skadde kortskot.

Utbreiing

Sør-Noreg.

Vertplanter

Rød eplebladlus har berre eple (særleg Malus pumila og dyrka eplesortar) som primærvert og kjempe (mest smalkjempe Plantago lanceolata) som sekundærvert.

Livssyklus

Raud eplebladlus overvintrar som egg i barksprekker og ved knoppbasar på epletrea. Stammødrene kjem fram rundt grøn spiss. Desse føder levande, uvinga hoer som igjen føder levande hoer osv. I juni-juli vert det fødd vinga individ som fyk over på sommarverten, kjempe (Plantago spp.). Bladlusa oppheld seg på kjempe til ut på hausten, og fyk tilbake til eple i oktober-november. Hannar vert berre fødd på hausten, og etter paring legg hoene egg som overvintrar.

Marihønelarver, blomsterflugelarver, gullaugelarver, nebbteger og snylteveps er viktige naturlege fiendar til raud eplebladlus.

Bekjempelse

Sjå tiltak mot grøn eplebladlus.

                         Oppdatert 13. september 2013

 

Bilder


Rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )


Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )


Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )


Skade av rød eplebladlus (Foto: O. Sørum )


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO