NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 24.06.2019 13:59


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Sommerfugler        Nattfly        Bølgefly

Bølgefly

Eupsilia transversa

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
GUNNHILD JAASTAD
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Bølgefly er gjerne den av nattflyartane som gjer mest skade på frukt. Det er ikkje registrert svingingar i bestanden på same måte som for liten frostmålar. Saman med andre nattflyartar, målarlarver og viklarlarver kan skaden verte stor både på blad og frukter.

  • Bølgefly (Foto: O. Sørum)
  • Bølgefly, nærbilde av bukføtter (Foto: O. Sørum)
  • Egg av nattfly (Foto: O. Sørum)

Utsjånad

Vaksent bølgefly: Vengespenn på 36-42 mm. Forvengene er rødbrune eller gråbrune med bølgeforma tverrstriper og tydeleg nyreflekk. Nyreflekken er samensatt av ein stor kvit, gul eller gulraud flekk og to små kvite eller gule prikkar. Bakvengene er einsfarga gråbrune.

Egget er 0,75 mm i diameter og 0,40 mm høgt. Som nylagt er egget lys gult av farge, etter noen dager brunraudt, seinere blir det brunfiolett og til slutt mørkt gråbrunt, ofte med små kvite prikker i overflaten like før dei klekkjer.

Den fullvaksne larven er 38-42 mm lang. Hodet er rustbrunt. Ryggen er mørk brunsvart. Sikraste kjennemerket er de tydelege kvite flekkane langs siden av brystleddene og som oftast på 1., 2. og 8. bakkroppsledd. 

Puppen er 16-18 mm lang og glinsende lys raudbrun med mørke leddgrenser.

Utbreiing

Sør for Trøndelag.

Symptom

Blader
Unge larver et inni blad som ikkje er folda ut, mens større larver et fullt eksponert og kan ete opp heile blad.

Blomar
Unge larver kan ete inni blomar og øydeleggje fruktemne.

Frukter
Larvene går ikkje inn i frukta, men kan gnage på karten. Skade på karten fører etterkvart til korkdanning som kan sprikke opp etter som frukta veks.

Skadepotensiale
Bølgefly er gjerne den av nattflyartane som gjer mest skade på frukt. Det er ikkje registrert svingingar i bestanden på same måte som for liten frostmålar. Saman med andre nattflyartar, målarlarver og viklarlarver kan skaden verte stor både på blad og frukter.

Vertplanter

Bølgefly lever på mange forskjellige lauvtre og busker, t.d. rogn, hegg, slåpetorn, eik, lind, bjørk, alm og selje. Det er et vanleg skadedyr på alle fruktartene våre og på bærbusker. I herjingsår har det vært registrert angrep også på jordbær.

Livssyklus

Bølgefly overvintrar som pupper i jorda. Dei vaksne svermar og legg egg frå mars til mai eller tidleg i juni, men er mest talrike i april og tidleg i mai.

Larvene et på bladverk, blom og kart. Larvene er oftast ikkje ferdig utvikla før karten byrjar å utvikle seg, så skaden på frukter kan verte stor. Larvene forpuppar seg i jorda der dei overvintrar til neste vår.

Som for liten frostmålar og andre sommarfugllarver er både fugl, nebbteger, gullaugelarver, blomsterflugelarver, parasitoider, virus, sopp og bakteriar naturlege fiendar til bølgefly.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Puppe
Voksen
Egg
Larve

Bekjempelse

Tiltak bør setjast inn mot små larver då dei er mest utsette, har kortare tid mellom kvart skalskifte og har gjort liten skade. Middel som virkar på skalskiftet, har mageverknad, kontaktverknad eller nerveverknad kan nyttast.

Les mer om bekjemping i Plantevernguiden.no

                              Oppdatert 2. mars 2011

Bilder


Bølgefly (Foto: O. Sørum)


Bølgefly, nærbilde av bukføtter (Foto: O. Sørum)


Egg av nattfly (Foto: O. Sørum)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO