NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 17.06.2019 02:33


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Pleosporales        Epleskurv

Epleskurv

Venturia inaequalis

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
JORUNN BØRVE & ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Skurvsoppen angrip både unge skot, bladverk og frukter. Skurvflekkane på blad er mørke felt. Skurvflekkar på frukta fører til at denne ikkje kan omsetjast som kvalitetsfrukt av første klasse. Angrep på frukt kan normalt kontrollerast i sesongen, men dersom det ikkje har vore god nok dekking av soppmiddel kan skurvinfeksjonane utvikla seg på kjølelager etter hausting.

  • Lagerskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)
  • Tidligskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)
  • Seinskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)
  • Epleskurv (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Eple 'Filippa' med skurv (E. Fløistad Planteforsk)
  • Epleskurv (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Symptom

Symptom

Symptoma på skurvinfeksjon er lettast å sjå på blad og frukter, men skurvsoppen kan infisere også gi symptom på knoppskjel, blomar (begerblad og fruktanlegg) og unge skot.

Blad: Skurvsoppen kan infisere både på undersida og oversida av blad. Symptoma er gråbrune til svarte avgrensa skurvflekkar eller samanhengande felt med skurv. Blada er mest utsette for infeksjon når dei er heilt unge, medan fullt utvaksne blad er lite mottakelege (ontogenetisk resistens). Infeksjonar på nyutfalda blad kan gi gråbrunt soppbelegg på store delar av bladet, medan infeksjonar på eldre blad oftast gir meir avgrensa flekkar. Infeksjonar på unge blad kan utvikle seg til brune «blærer» (ofte med ei mørkare rand) når blada vert eldre. Eldre infeksjonar på blad kan gi avgrensa raudbrune flekkar som kan vere vanskelege å skilje frå andre skadar.

Skot: Infeksjonar på unge skot gir grå blæreaktige flekkar som etter kvart vert korkaktige og oppsprukne. Slik greinskurv kan vere viktige kjelder for tidlege infeksjonar neste vår. Greinskurv er mindre vanleg i eple enn i pære, men på enkelte utsette eplesortar er greinskurv viktig.

Frukt: Skurvflekkar på frukta kan skuldast infeksjonar i heile perioden frå tett klynge til hausting. Vi ser dei først som avgrensa gråbrune til svarte flekkar der kvar flekk har sitt opphav i ein spirt skurvspore. Er det fleire skurvflekkar, kan dei vekse saman og etter kvart danne større samanhengande felt. Tidlege infeksjonar kan gi blomefall eller store skurvflekkar på fruktene, og desse vil etterkvart verta korkaktige og sprekk lett opp. På mottakelege sortar (t.d. 'Summered') kan frukta verta misforma med store sprekker. Infeksjonar litt seinare i kartutviklinga gir meir avgrensa mørke flekkar, først særleg i begerenden men seinare over heile eplet. Seine infeksjonar kan utvikle seg til lagerskurv under lagring. Desse ser vi kanskje berre som små prikkar ved hausting, eller vi ser dei først etter ei tids lagring. Symtom på lagerskurv er svarte avgrensa flekkar som ikkje kan gnikast av.

Skadepotensial
Sterke angrep av epleskurv på fruktene kan i verste tilfelle gi total skade på avlinga (100 % fråsortert). Skurvangrep i blom og på kart kan gi auka blome- og kartfall, og angrep på blad kan gi tidleg bladfall som medfører redusert vekst i treet og færre og svakare blomeknoppar neste år.

 

Vertplanter

Eple.

Overleving og spreiing

Soppen overvintrar som sporehus i gamle epleblad på bakken eller som sopphyfer (mycel) i infiserte skot (greinskurv). Frå overvintra blad vert det spreidd sekksporer, også kalla askosporar, (kjønna formeiring), medan det frå greinskurv vert spreidd konidiesporar (ukjønna formeiring). Frå greinskurv kan det verta spreidd sporer frå knoppsprett. Infeksjon med sekksporer frå overvintra blad kan også finne stad alt på grøn spiss, men hovudspreiinga plar kome ved fuktig vêr i perioden musøyre/tett klynge til full bløming/kronbladfall. Som regel er spreiinga av askosporer frå blad på bakken ferdig midt i juni. I primærinfeksjonane utviklar det seg konidiesporar som vert spreidde og gir opphav til sekundære infeksjonar utover sommaren og hausten.

I dei fleste hagar er fjorårsgamalt blad på bakken den viktigaste kjelda for primærsmitte om våren i eple. I hagar med mykje greinskurv vil smitte kunne spreia seg frå tidleg om våren til juli-august. I levande plantedelar veks skurvsoppen berre i vokslaget (kutikula) og går ikkje inn i plantevevet. Etter bladfall veks soppen inn i plantevevet og utviklar sekksporehus. Sporehusa mognar om våren, og det vert danna sekksporar. Ved regnvêr vert sporene kasta nokre millimeter opp i lufta og spreidd med vinden. For at skurvsporer skal kunne spire og infisere mottakeleg vev (unge blad, skot eller frukter) må det vere ein lengre samanhengande periode med fuktig overflate på dei mottakelege plantedelane. Den såkalla «Mills tabell» eller modifiserte utgåver av denne syner kor mange timar med fuktigheit som trengs ved ulike temperaturar for å gi infeksjon. Ved optimale tilhøve tek det 10-14 dagar frå infeksjon til skurvflekkane er synlege. Fordi soppen krev fuktige periodar for å infisere er skurv alltid størst problem i nedbørrike område og somrar og på lokalitetar med sein opptørking etter regn eller doggfall.

Bekjempelse

Kor kraftig angrep det vert av skurv i ein eplehage avheng av smittepress, vêrtilhøve, vekst i trea og sort. Det er no utarbeidd metodar og program som tek omsyn til alle desse faktorane for å vurdere kva tiltak som må setjast inn mot epleskurv i ein hage. Ved lågt smittepress frå året før og sterke til middels sterke sortar, kan sprøytinga mot skurv reduserast sterkt. Ved høgt smittepress og mottakelege sortar er det i økologisk dyrking svært vanskeleg å kontrollere skurven i normalt fuktige somrar.

 

Førebyggjande tiltak

Plant berre skurvsterke sortar. I økologisk dyrking bør det berre dyrkast skurvsterke sortar. I privathagar og økologisk dyrking vil planting av skurvutsette sortar i dei fleste tilfelle ende med ein nedsmitta hage. Tre av skurvutsette sortar i hagen vil lett verta smittekjelder som kan gi auka problem med skurv på skurvsterke sortar i same hage. Fordi skurvsoppen har evne til å tilpasse seg sortane vi dyrkar, vil graden av skurvresistens hos sortane kunne variera over tid og stad. Faren for brot av skurvresistens aukar dersom vi dyrkar dei skurvsterke sortane i hagar med stort smittepress. Det er viktig å unngå at skurven får fotfeste i hagen. Tiltak som reduserer mengda overvintra blad i hagen vil redusere smittepresset monaleg. Ein metode er å fysisk fjerna lauvet frå hagen. I kommersiell dyrking vil dette krevja mekanisk utstyr som handterar dette. Spesielle «støvsugarar» for dette føremålet er utvikla m.a. i Tyskland. Dersom det vert brukt fres til å kontrollere ugras i trerekka (vanleg i økologisk dyrking), kan lauvet moldast ned i jorda ved ei sein haustfresing (etter lauvfall) eller tidleg vårfresing (før knoppsprett). Tilføring av kompost, gylle eller gjødselvatn på blada seinhaustes vil framskunde nedbryting av blada på bakken. Tilføring av nitrogenrike stoff på blada etter lauvfall gjer det dessutan mjukare og meir attraktivt for meitemark. Dersom vegetasjon i trerekka og køyregangen vert halde kortklypt ved lauvfall, vil det auke mengda blad som vert grave ned av meitemarken. Fresing i trerekka vil forstyrre meitemarken. Ein strategi med gras i køyregangen og fresing i trerekka fram til juli/august, vil gi gode vilkår for meitemarken under køyregangen om sommaren og favorisere nedgraving av blad etter lauvfall. Knusing av lauvet, t.d. ved å rake det inn i køyregangen og køyre over med grasklyppar, vil også framskunde nedbrytinga. Mykje greinskurv i hagen er ei viktig smittekjelde frå tidleg vår til seint på sommaren, og gjer kontrollen med skurv mykje vanskelegare. Det er difor viktig å unngå etablering av greinskurv ved å unngå utsette sortar og skjera bort skot med greinskurv. Ver også klar over at rotskot frå grunnstamma kan vere ei smittekjelde for skurv i hagen. Ver difor nøye med å rive bort rotskot som kjem opp. Ved skjering bør trea haldast opne for å framskunda opptørkinga etter nedbør og doggfall. På stader med sein opptørking vil det vere fleire og lengre periodar med fuktig bladverk og med det større fare for infeksjon. Ved spreiarvatning kan ein vatne på seg eit skurvproblem. Det er difor viktig å ikkje vatne for lenge om gongen, og å leggje vatninga til tider på dagen då det tørkar raskt opp att, eller når det likevel er fuktig (om natta og tidleg om morgonen).

 

Direkte tiltak

Fare for infeksjon av skurv vert varsla ved hjelp av automatiske vêrstasjonar i alle fruktdistrikta. Skurvvarsel for dei ulike stasjonane finn du i VIPS. Det fins fleire kjemiske middel som har god verknad mot skurv, både ved konvensjonell og økologisk produksjon. Aktuelle soppmiddel og optimale middelval mot skurvk vert fornya årleg. Tilrådingane er å finna i Plantevernplan for Vestlandet, og tilrådingar frå forsøksringane på Austlandet. Sjå Plantevernguiden for dei siste oppdateringane om kva middel som er tillatt å bruke.

Litteratur

VIPS


Røen, D., Brandsæter, L.O., Birkenes, S., Jaastad, G., Nes, A., Trandem, N. & Stensvand, A. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk FOKUS 3(7). 212 s

 

                      Oppdatert  17. september 2013


Bilder


Lagerskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Tidligskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Seinskurv (Foto: A. Stensvand, NIBIO)


Epleskurv (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Eple 'Filippa' med skurv (E. Fløistad Planteforsk)


Epleskurv (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO