NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 10.05.2021 01:25


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Biller        Polyphaga        Curculionoidea        Snutebiller        Eplesnutebille

Eplesnutebille

Anthonomus pomorum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
GUNNHILD JAASTAD
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Eplesnutebille er utbreidd i alle fruktstrok, men er eit større problem på Austlandet enn på Vestlandet. I år med lite bløming kan eplesnutebilla vere ein viktig skadegjerar. Nøttesnutebille, som normalt går på hasselnøtter, kan også til tider gjere skade på eple. Særleg dersom det er lite nøtter å leggje egg i.

  • Eplesnutebille (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
  • Eplesnutebille på epleblad (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
  • Eplesnutebille på epleblad (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Utsjånad

Den vaksne billa er 3,5-6,0 mm lang, mørk brun eller svart og dekket med ljose hår som danner eit kvitaktig, V-forma felt bak på dekkvengene. Larven blir 8 mm lang som fullvaksen og er kvit med mørkt brunt hode. Som alle snutebillelarvar manglar også denne larva bein.

Symptom

Knoppar
Billa kan ete runde hol i knoppane. Dei vaksne legg egga sine på undersida av knoppane.

Blomar
Larvene et på arr og støvberarar og bit av knoppane slik at dei vert brune og «døyr».

Blad
Vaksne et på undersida av blada i midten av juni, oftast er epidermis på oversida intakt.

Frukt
Vaksne biller kan lage hol i fruktene i juni-juli.

Skadepotensiale
Eplesnutebille er utbreidd i alle fruktstrok, men er eit større problem på Austlandet enn på Vestlandet. I år med lite bløming kan eplesnutebilla vere ein viktig skadegjerar. Nøttesnutebille, som normalt går på hasselnøtter, kan også til tider gjere skade på eple. Særleg dersom det er lite nøtter å leggje egg i.

Utbreiing

Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.

Vertplanter

Eple. Pære kan også angripes.

Livssyklus

Eplesnutebille overvintrar som vaksne under bark, i sprekker eller under andre gøymestader. Dei kjem fram frå mars månad og er aktive på varme dagar. Dei fyk rundt og leitar etter vertplanter. Egga vert lagt etter knoppsprett. Hoene legg eit egg i kvar knopp.

Egga klekkjer etter om lag 10 dagar, og larvene et på arr og pollenberar i blomen. Dei skavar samstundes vekk innsida av krunblada slik at blomen ikkje opnar seg og larvene er verna. Seinare bit dei av stilken til blomen. Larvene er ferdig utvikla etter om lag ein månad, og forpuppar seg i ly av den avkutta blomen. Vaksne biller kjem fram igjen etter to til tre veker. Desse et på undersida av blad og kan lage hol i eple. Dei vaksne overvintrar til neste vår.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Voksen
Egg
Larve
Puppe

Bekjempelse

Moderne plantingar med relativt unge og små tre vil redusere overvintringsstadene til vaksne biller. Snylteveps er ein viktig naturleg fiende til eplesnutebille.

Ved å fjerne dei uutvikla og avkutta blomane med larver inni kan den lokale bestanden av eplesnutebille reduserast. Skadeterskel er 10-20 vaksne biller per bankeprøve. Godkjente kjemiske tiltak mangler.

Litteratur

VIPS 

                   Oppdatert 12. september 2013

Bilder


Eplesnutebille (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Eplesnutebille på epleblad (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Eplesnutebille på epleblad (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2021 NIBIO