NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 23.09.2019 13:50


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Nebbmunner        Plantesugere        Bladlus        Egentlige bladlus        Grønn eplebladlus

Grønn eplebladlus

Aphis pomi

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
GUNNHILD JAASTAD
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013
Grøn eplebladlus er utbreidd i alle fruktstrok i Noreg. Den kan gjere økonomisk skade på unge tre (nyplantingar) ved å øydeleggje veksten, men er mindre farleg for større tre.

Grøn eplebladlus lever heile livet på ein type vertsplante. Dei overvintrar som egg på borken av årsskota.

  • Grønn eplebladlus (Foto: K. Westrum, NIBIO)
  • Grønn eplebladlus, voksen (Tegning: L. Hofsvang)
  • Grønn eplebladlus (Foto: O. Sørum)
  • Bladlusskade på eple (Foto: O. Sørum)
  • Grønn eplebladlus og skade (Foto: O. Sørum)
  • Bladkrølling (Foto: K. Westrum, NIBIO)
  • Rød eplebladlus (Tegning: L. Hofsvang)

Utsjånad

Grøn eplebladlus har grøn/gulgrøn kropp med svarte ryggrøyr og mørke føter. Antennene er litt lengre enn halve kroppen.  Eplegrasbladlus kan forvekslast med grøn eplebladlus, men eplegrasbladlusa har korte, grøne ryggrøyr og ljose føter.

Symptom

Skot
Sterkt bladkrølling i skottoppane. Stagnasjon i veksten ved kraftige angrep.

Blad
Samankrølla blad med oppsida ut. Honningdogg på blada.

Frukt
Lite skade på sjølve frukta, men kan kome honningdogg på frukta.

Skadepotensiale
Grøn eplebladlus er utbreidd i alle fruktstrok i Noreg. Den kan gjere økonomisk skade på unge tre (nyplantingar) ved å øydeleggje veksten, men er mindre farleg for større tre.

Utbreiing

Austlandet. Sørlandet. Vestlandet.

Vertplanter

Eple, men kan også angripe pære, kvede, rogn og asal, og kan dessutan være et skadedyr på fleire prydtre, t.d. eldkvede (Chaenomeles), mispel (Cotoneaster), hagtorn (Crataegus) og eldtorn (Pyracantha).

Livssyklus

Grøn eplebladlus lever heile livet på ein type vertsplante. Dei overvintrar som egg på borken av årsskota. Egga klekkjer til stammødre tidleg på våren, og desse føder levande, vingelause hoer som igjen føder levande hoer osv. Grøn eplebladlus lever av plantesaft, og dei lever på undersida av blada og på borken av unge skot. Dersom populasjonstettleiken blir for høg, vert det fødd vinga hoer som kan invadere nye epletre. 

Om hausten vert det fødd hannar for fyrste og einaste gong. Bladlusa parar seg og legg egg, og desse egga overvintrar til neste sesong. Snylteveps, gullaugelarver, marihønelarver, blomsterflugelarver, nebbteger og insektpatogene sopp er viktige naturlege fiendar til grøn eplebladlus.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Egg
Flere generasj.
Egg

Bekjempelse

Oljesprøyting kan brukast som tiltak mot overvintrande egg liker før dei klekker. Kjemiske tiltak kan rettast mot nymfer og vaksne utan vingar. Aktuelle plantevernmiddel kan brukast i reduserte dosar for fleire artar av bladlus, sjekk difor plantevernplan og etikettar før tiltak vert sett inn.

                Oppdatert 13. september 2013

Bilder


Grønn eplebladlus (Foto: K. Westrum, NIBIO)


Grønn eplebladlus, voksen (Tegning: L. Hofsvang)


Grønn eplebladlus (Foto: O. Sørum)


Bladlusskade på eple (Foto: O. Sørum)


Grønn eplebladlus og skade (Foto: O. Sørum)


Bladkrølling (Foto: K. Westrum, NIBIO)


Rød eplebladlus (Tegning: L. Hofsvang)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO