NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 05.10.2024 05:18


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Sommerfugler        Viklere        Eplevikler

Eplevikler

Cydia pomonella

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Gunnhild Jaastad & Nina Trandem
OPPDATERT:
10. september 2021
Epleviklar er eit viktig skadedyr på eple i år med varme somrar i deler av Noreg. Larvene til epleviklaren går inn til kjernehuset og et opp frøa. Når larvene går ut av frukta lagar dei ein stor, ekskrementfylt gang.
  • Epleviklerskade (Foto: S. Kobro, Bioforsk)
  • Vaksen epleviklarhann fanga på limplate (Foto: N. Trandem, Bioforsk)
  • Epleviklerlarven lemper noen av ekskrementene sine ut av eplet (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
  • Epleviklerlarve (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
  • Fullvoksen larve av eplevikler (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
  • Epleviklarskade (Foto: S. Kobro, Bioforsk)

Utsjånad

Vaksen epleviklar er 10-12 mm lang og har eit vengespenn på 15-20 mm. Vengene er lysegrå med brune, bølga tverrband og ein mørkare bronsebrun flekk ytterst på forvengene. Nyklekte larver er lyse og ca. 2 mm lange. Fullvaksne larver har ein lyserød kropp og eit mørkebrunt hode. Larvene har eit mørkt nakkeskjold bak hodet og rader med mørke prikkar på resten av kroppen.

Utbreiing

Epleviklar er eit viktig skadedyr på eple i år med varme somrar i deler av Noreg: Sør- og Austlandet og eit lite område i Sogn.

Vertplanter

Eple er viktigaste vertplante, men epleviklar kan og finnast på pære.

Livssyklus

Epleviklaren overvintrar som fullvaksne larver i barksprekker, under bark, mose eller lav på greiner og stamme. Kvar larve spinn seg inn i ein kokong. Larvene forpuppar seg inne i kokongen tidleg på våren, og dei fyrste vaksne viklarane kjem fram i mai. Dei fyk inn i eplehagen, parar seg og legg egga sine på bladverket og på epla. Hoene skil ut eit kjønnsferomon som virkar tiltrekkjande på hannane og som sikrar at dei finn fram til hoene.

Epleviklaren har ein lang svermeperiode, ein finn vaksne individ frå mai til ut i august, men hovudsverminga vil dei fleste år vere i juni. Den svermar seint på ettermiddagen, og temperaturen ved solnedgang må vere høgare enn 14 grader for at epleviklaren skal leggje levedyktige egg. I år med høge temperaturar i perioden april-juni, vil nokre larver kunne halde fram med utviklinga til vaksen same år, i staden for å gå i vinterkvile. Det blir da egglegging også på ettersommaren. Lengjer sør i Europa har epleviklaren alltid fleire generasjonar kvart år.

Epleviklarlarvene lever mesteparten av livet inni eple, og er der verna mot  rovinsekt og andre naturlege fiendar. Men snylteveps, nematodar og mikroorganismer som virus, sopp og bakteriar, kan angripe egg, nyklekka larver og kokonger.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Larve
Puppe
Voksen
Egg

Bekjempelse

Overvaking og varsling
Ved hjelp av feller med kjønnsferomon i eigen hage og varslingsprogrammet VIPS kan kvar enkelt epledyrkar finne ut av fare for angrep og tidspunkt for angrep. Ei felle per daa er stort sett nok for å finne om epleviklaren er til stades og for å vurdere om tiltak bør setjast inn. Det er ikkje utvikla skadeterskel for epleviklar i Noreg, men ein «synseterskel» ligg på 10-20 hannar per felle per veke. Yrkesdyrkarar kan tinga feller via rådgjevingstjenesta (NLR).

Tiltak
Yngre tre med glatt bark vil ha færre overvintringsstader for epleviklar enn eldre tre, så forynging av hagen er eit viktig tiltak. Paringsforstyrring ved hjelp av feromoner er nytta mot vaksne i fleire land, men er enno ikkje godkjent i Noreg. Å fjerne skadde frukter før larvene går ut, vil redusere den lokale bestanden av epleviklar. Då epleviklar overvintrar under laus bark, kan bølgepapp rundt trestamma om hausten fange opp ein del av larvene. Ta ned og brenn bølgepappen om våren (før mai månad). Nyttenematoden Steinernema carpocapse er godkjent for bruk om hausten mot epleviklarlarver som ligg til overvintring på trestammene. Sjå meir informasjon på etiketten som finnes på Mattilsynets nettside om godkjente nytteorganismer

Kjemiske tiltak mot larver må gjerast til rett tid, når flest mogleg av viklarane er i det stadiet som tiltaket verkar best på (sjå om overvaking over). Dei som ikkje vil eller har autorisasjon til å bruke kjemiske middel, kan sprøyte med vegetabilsk olje rett før egga skal klekke. Til 100 liter vatn nyttast maks 2 liter olje, og minst 3 dl grønnsåpe til emulgering av olja. Olja og såpa blandast fyrst til ein jamn majones, som ein så blandar i vatnet. Olja må være svært godt blanda ut i vatnet, elles kan det verte sviskade på frukta. Gjentatte sprøytingar eller sterk sol etter sprøytinga gjer også fare for sviskade.

                    Publisert 10. september 2021

Bilder


Epleviklerskade (Foto: S. Kobro, Bioforsk)


Vaksen epleviklarhann fanga på limplate (Foto: N. Trandem, Bioforsk)


Epleviklerlarven lemper noen av ekskrementene sine ut av eplet (Foto: N. Trandem. Bioforsk)


Epleviklerlarve (Foto: N. Trandem. Bioforsk)


Fullvoksen larve av eplevikler (Foto: N. Trandem. Bioforsk)


Epleviklarskade (Foto: S. Kobro, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO