NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 17.06.2019 02:38


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Edderkoppdyr        Midd        Spinnmidd        Frukttremidd

Frukttremidd

Panonychus ulmi

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
GUNNHILD JAASTAD
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Den viktigaste spinnmidden i eplehagen er frukttremidd. Den overvintrar som egg på barken. Tidlege angrep fører til ljose parti i blada. Etterkvart får blada ein bleik, brunaktig farge. Kraftige angrep av frukttremidd kan føre til reduserte avlingar på grunn av redusert fotosynteseaktivitet. Kraftige angrep fører også til redusert blomeknoppdanning og såleis avling året etter.

  • Vinteregg av frukttremidd (Foto: O. Sørum)
  • Frukttremidd. A: Rygghåra vokser ut fra lyse hårvorter. (Tegning: L. Hofsvang)
  • Frukttremidd på epleblad (Foto: O. Sørum)
  • Frukttremidd. A: Egg (løkforma). B: Larve. C: Protonymfe. D: Deutonymfe. E: Voksen hann. F: Voksen hunn. ()
  • Midd og bladskade (Foto: O. Sørum)
  • Aroma, Frukttremidd, egg ved beger (Foto: O. Sørum)
  • Frukttremidd og egg (Foto: O. Sørum)

Utsjånad

Vinteregga er ca 0,15 mm i diameter, raude og lette å sjå. Sommeregga er lysegrå til lyseraude. Hannane er raud til gulbrun på farge, om lag 0,3 mm lang og har ei trekanta form. Hoene er 0,4 mm lange, er raude til mørkeraude, har ei oval form og har tydelege lyse hårvorter.

Symptom

Blad
Tidlege angrep fører til ljose parti i blada. Etterkvart får blada ein bleik, brunaktig farge. Er angrepet kraftig kan blada få ein sølvaktig farge.

Skadepotensiale
Kraftige angrep av frukttremidd kan føre til reduserte avlingar på grunn av redusert fotosynteseaktivitet. Kraftige angrep fører også til redusert blomeknoppdanning og såleis avling året etter.

Utbreiing

Sør-Noreg.

Vertplanter

Frukttrær, bærbusker, bringebær, rogn, roser, hagtorn, alm, ask m.fl.

Livssyklus

Den viktigaste spinnmidden i eplehagen er frukttremidd. Den overvintrar som egg på barken, oftast i greinvinklar og overgang mellom fyrste og andre års ved. Vinteregga klekker frå knoppsprett til etter bløminga. Frukttremidden lever hovudsakleg på undersida av blada, og skadar ved å punktere bladcellene med stikke/suge-munnen sin. I Noreg har frukttremidden 3 til 4 generasjonar i året.

Frukttremidd har fleire naturlege fiendar som til dømes rovmidd, gullaugelarver, blomsterflugelarver, gallmygglarver, marihønelarver og nebbteger.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Egg
Larve
Nymfe
Voksen
Egg
Flere generasj.
Egg

Bekjempelse

Sprøyting med olje eller andre kjemiske tiltak like før egga klekker på våren kan redusere populasjonen av frukttremidd. Kjemiske tiltak (middmiddel) kan elles rettast mot nymfer/vaksne. Sprøyting med insektmiddel mot skadeinsekt som rognebærmøll osv. vil ofte føre til meir frukttremidd nokre veker seinare.

Rovmidd (Typhlodromus pyri) og nebbteger er dei viktigaste naturlege fiendane.

                   Oppdatert 12. september 2013

Bilder


Vinteregg av frukttremidd (Foto: O. Sørum)


Frukttremidd. A: Rygghåra vokser ut fra lyse hårvorter. (Tegning: L. Hofsvang)


Frukttremidd på epleblad (Foto: O. Sørum)


Frukttremidd. A: Egg (løkforma). B: Larve. C: Protonymfe. D: Deutonymfe. E: Voksen hann. F: Voksen hunn. ()


Midd og bladskade (Foto: O. Sørum)


Aroma, Frukttremidd, egg ved beger (Foto: O. Sørum)


Frukttremidd og egg (Foto: O. Sørum)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO