NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 08.12.2019 03:02


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Rustsopp        Pionfiltrust

Pionfiltrust

Cronartium flaccidum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
VENCHE TALGØ OG ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
23. desember 2014
Pionfiltrust vertvekslar mellom artar og sortar av pion (Paeonia spp.) og furu (Pinus spp.), men denne rustsoppen er også rapportert på andre urteplanter, til dømes artar i marimjelleslekta (Melampyrum).

Biologi

Pionfiltrust har tvungent vertskifte mellom pion og vanleg furu (Pinus sylvestris) eller bergfuru (P. mugo var. rostrata). På undersida av blada hos pion vert det fyrst danna tett med gule til lysebrune sporehopar med såkalla uredosporar og seinare i sesongen mørke, filtaktige sporehopar med teleutosporar (Fig. 2). På våren spirer teleutosporane og dannar eit nytt sporestadium, basidiesporar, som kan spreia seg til furu og angripa unge nåler. Frå nålene veks soppmycelet inn i kambiet og vidare inn i veden via margstrålane. Om våren innan eit til to år etter infeksjon bryt det fram sporehopar (aecidiesporar) i barken. Dette kan vera årsak til tyritopp (ramtopp) som er daude, inntørka furutoppar, men vanlegvis er det rustsoppen Peridermium pini som fører til tyritopp. Denne sistnemnde rustsoppen har ikkje vertsveksling og smittar berre frå furu til furu. Aecidiesporane spreier seg med vind frå furu til pion.

Symptom/skadeverknad

På oversida av pionblad vert det danna regelmessige, gråbrune flekkar. Ved sterke angrep krøllar bladranda seg, og heile blada kan visna (Fig. 1). På furu vert det kreftsår, kvaeutflod og nokre gonger daude toppar.

Tiltak

Sjølv om ein fjernar furua i nærleiken, er det ingen garanti for friske pionar, då sporane ser ut til å kunna spreia seg over lange avstandar. Eventuelt kan ein planta pionsortar som er resistente mot soppen. Bruk av kjemiske middel mot soppen er ikkje aktuelt i grøntanlegg.


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO