NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 22:29


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Diaporthales        Orebladflekk

Orebladflekk

Gnomoniella tubiformis

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Venche Talgø og Gunn Mari Strømeng
OPPDATERT:
22. desember 2014

Sterke angrep av orebladflekk  vart funnen i august 2014 langs Glomma i Østerdalen, ved Selbusjøen og langs Nidelva.
  • Fig. 2 Kjønna sporehus på undersida av eit blad av or (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
  • Fig. 1 Blad av or (Alnus incana) med angrep av orebladflekk (Foto: V. Talgø, Bioforsk)

Symptom

Angrep av soppen fører til gråbrune flekkar på blad. Nokre gongar dekkar dei nærast heile bladplata (Fig. 1).

Vertplanter

I august 2014 fann vi til dels sterke angrep på gråor (Alnus incana) langs Glomma i Østerdalen, ved Selbusjøen og langs Nidelva. I fylgje «artskart» i Artsdatabanken er soppen tidlegare registrert både i område kring Oslofjorden og i Finnmark.

Biologi

Då vi la blada fuktig og varmt (inkuberte) kom det tydeleg fram tett med sporehus av det kjønna stadiet (periteciar) av soppen på undersida av blada, inkludert på bladnervane (Fig. 2). Sporehusa låg nedi plantevevet og pressa det litt ut slik at det vart små, opphøgde felt rundt kvart sporehus. Ein liten, svart «nakke» stakk gjennom epidermis frå kvart av sporehusa. Gjennom denne «nakken» vert sporane (askosporar) ført ut og kasta i fuktig, mildt vær. I litteraturen står det at dei kjønna sporehusa er å finna på daude blad på bakken om våren der dei då vil kasta sporane og smitta nye blad når dei bryt. Desse sporane er vindborne og kan spreia seg over lengre avstandar.

Soppen dannar også ukjønna sporar (konidiar) gjennom vekstsesongen. Desse vert danna på begge sider av blada i såkalla acervuli. Dei spreier soppen lokalt ved hjelp av vassprut til naboblad eller til nabotre i tette bestand. Det ukjønna stadiet heiter Asteroma alneum.

Nært beslektet

Bilder


Fig. 2 Kjønna sporehus på undersida av eit blad av or (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Fig. 1 Blad av or (Alnus incana) med angrep av orebladflekk (Foto: V. Talgø, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO