NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 24.06.2019 13:29


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Heggebladflekk

Heggebladflekk

Polystigma fulvum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
VENCHE TALGØ OG ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
17. november 2014
Biologien til Polystigma fulvum på hegg er lite kjent, men ein veit meir om den nære slektningen P. rubrum som er rapportert frå plommer og svisker i Tyskland, Ungarn, Serbia, Bulgaria, Russland, Irak, Iran og Tyrkia (Zehr 1995). Her vert det sagt at 26 timar med fuktig bladverk ved temperaturar mellom 11 og 30 °C kan føra til infeksjon. I og med at P. fulvum er ein sekksporesopp, produserer soppen kjønna sporar (askosporar) som kan spreiast over større område med vind.

  • Kraftig angrep på hegg ved Selbusjøen (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Heggebladflekk dannar oransjeraude flekkar på blada (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • På undersida av blada dannar soppen beige, oppsvulma flekkar (Foto: V. Talgø, NIBIO)

Vertplanter

I Noreg er denne soppen funnen på hegg (Prunus padus) (Fig. 1) frå Oslo-området og nord til og med Finnmark, men frå utlandet er det rapportert at soppen går på fleire Prunus-artar.

Symptom/skadeverknad

På oversida av blada vert det danna oransjeraude flekkar på opp til 1 cm i diameter (Fig. 2). Flekkane er også godt synlege på undersida av blada, der dei er meir dempa i fargen. I tillegg er dei litt oppsvulma (Fig. 3).

Tiltak

Det er ikkje aktuelt med tiltak på hegg.

Litteratur

Zehr, E.I. 1995. Red leaf spot. I Ogawa, J.M. et al. (red.) Compendium of stone fruit diseases. APS Press. 98 s.

Bilder


Kraftig angrep på hegg ved Selbusjøen (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Heggebladflekk dannar oransjeraude flekkar på blada (Foto: V. Talgø, NIBIO)


På undersida av blada dannar soppen beige, oppsvulma flekkar (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO