NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 24.06.2019 13:33


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Lønnetjæreflekk

Lønnetjæreflekk

Rhytisma acerinum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
VENCHE TALGØ OG ARNE STENSVAND
OPPDATERT:
15. november 2018
Lønnetjæreflekk gir opphøyde bladflekker med tjærefarget soppvev og gul rand. Flekkene er opptil 2 cm i diameter. Soppen gjør lite skade, men er iøynefallende på lønn.
  • Lønnetjæreflekk overlever vinteren i gamle blad på bakken. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Den gule ringen rundt tjæreflekkane er eit typisk symptom. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Ved sterke angrep avtjæreflekk kan blada gulna tidleg (Foto: V. Talgø, NIBIO)

Vertplanter

Lønnetjæreflekk er vanleg på spisslønn (Acer platanoides) og platanlønn (Acer pseudoplatanus).

Symptom/skadeverknad

Tjæreflekkane på blada vert opp til eit par cm i diameter. Dei er litt opphøgde frå resten av bladplata. Rundt flekkane er det ei tydeleg gul sone (Fig. 2). Ved kraftige angrep kan bladplatene gulna, krølla seg og falla av tidlegare enn normalt om hausten (Fig. 3), men vanlegvis gjer ikkje soppen særleg skade. Angrepsgraden varierer frå år til år og også frå tre til tre.

Tiltak

For å minska smittepresset, bør lauv rakast saman og fjernast. Dersom det vert lagt i ein kaldkompost, bør det dekkast med gras eller anna for å unngå smittespreiing frå infiserte blad neste vår.

Litteratur

Langnes, R. & Stensvand, A. 1996. Soppsjukdommer på grøntanleggsplanter. Kompendium Planteforsk, Plantevernet. 66 s.

               Publisert 17. november 2014

 

Bilder


Lønnetjæreflekk overlever vinteren i gamle blad på bakken. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Den gule ringen rundt tjæreflekkane er eit typisk symptom. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Ved sterke angrep avtjæreflekk kan blada gulna tidleg (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO