Utskrift 28.05.2025 12:01
I mai 2006 vart soppen Boeremia hedericola (syn. Phoma hedericola og Phyllosticta destructiva var. hederae) funnen på skadde eføyblad frå ei vegskjering ved ein ferjekai i Ryfylke (Figur 1). Soppen er velkjent elles i Europa der han også går på Hedera himalaica (Boerema et al. 2004). I juni 2006 vart B. hedericola også funnen i ein planteskule i Rogaland, på importerte planter frå Nederland. På planteskuleplantene vart det i tillegg funne Colletotrichum trichellum, ein annan kjent skadegjerar på eføy i utlandet (Ellis og Ellis 1997). I september same året vart det funne mykje C. trichellum på eføy i grøntanlegg i Bergen, men ikkje B. hedericola.
Angrep av B. hedericola fører til gule flekkar inne på bladplata og langs bladranda på eføy. Soppen kan også angripa skot, men det er så langt ikkje registrert her i landet. Dei gule flekkane vert etter kvart brune (nekrotiske), og ofte er dei omgitt av ein gul sone (Figur 2). Sterkt angripne blad gulnar etter kvart fullstendig og fell av. Blada i Figur 2 vart lagt i ein tett boks med 100 % luftråme, og etter fire dagar hadde det kome ut tett med sporehopar av B. hedericola i dei brune flekkane. Det var spesielt mykje sporar på undersida av blada (Figur 3), men også litt på oversida.
Ved angrep av C. trichellum (Figur 4) vert symptoma svært like som ved angrep av B. hedericola, slik at plantene må testast i eit laboratorium for sikker identifisering av kva for ein skadesopp det er. I grøntanlegg i Bergen fann vi også daude skot som var fulle av C. trichellum. Begge soppane trivst på fuktig bladverk.
Ingen av soppane har norsk namn.
Det einaste rådet vi kan koma med er å klyppa bort skadde blad på plantene og raka opp daude blad som ligg på bakken. Blada bør fjernast frå anlegget/hagen eller dekkast over med gras eller anna i ein kompostbinge/haug.
Boerema, G. H., Gruyter, J. de, Noordeloos, M. E. og Hamers, M. E. C. 2004. Phoma identification manual: differentiation of specific and infra-specific taxa in culture. CABI Publishing. 470 s.
Ellis, M.B. og Ellis, J.P. 1997. Microfungi on land plants. The Richmond Publishing Co. Ltd., Slough, England. 868 s.
Publisert 9. juni 2010
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2025 NIBIO