NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.05.2022 03:50


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Rustsopp        Alperoserust

Alperoserust

Chrysomyxa ledi var rhododendri

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Gjærum, H., Stensvand, A. & Toppe, B.
OPPDATERT:
3. oktober 2017

I juni 2005 vart det funne angrep av alperoserust på rododendron i Hordaland. Soppen fører til skjemmande, brunraude flekkar på oversida av blada, og på undersida er flekkane fulle av guloransje sporar.

Utbreiing

Her i landet er alperoserust registrert ved fleire høve relativt langt attende i tid, men har truleg ikkje spreidd seg nemneverdig på grunn av ugunstig klima. I Norsk SoppDatabase frå Universitetet i Oslo ligg det inne ni registreringar (tre frå Akershus og sju frå Aust-Agder). Funna i Akershus var på R. hirsutum, medan funna i Aust-Agder var på R. hirsutum, R. wilsonii og R. ferrugineus. Det eldste rapporterte funnet av alperoserust i Noreg var på importert (truleg til Tromsø) rododendron dyrka i potte (Blytt 1896). I herbariet ved Plantevernet fins det materiale av alperoserust på R.'Curlev' frå import til Lier, Rhododendron sp. frå Klepp, Rhododendron sp. frå Kristiansand, R. hirsutum frå Ås, R. hirsutum frå Dønna og på fleire rododendron-artar frå Grimstad (R. ferrugineum, R. hirsutum, R. wilsonii, R. laetevirens og truleg R. dauricum). Det meste av dette materialet er samla inn i perioden 1944 til 1961.

Alperoserust er rapportert frå mange land på den nordlege halvkule (Europa, Nord-Amerika og Asia). Roane (1986) skriv at alperoserust er funnen på 51 ulike artar av rododendron, og at denne soppen er problematisk på kultivert rododendron i fuktig klima på vestkysten av Nord-Amerika.

Biologi

Rustsoppar har ofte vertskifte med andre planteartar for å få fullført livssyklusen sin. Alperoserust kan gå på gran (Picea spp.) og føra til nålefall, men slikt vertskifte er ikkje påvist i Noreg (ingen funn av vintersporar/teleutosporar). I mildt klima vil alperoserust likevel kunna overleva vinteren utan teleutosporar ved hjelp av sopptrådar (mycel) i rododendronblad. Neste vår vil desse sopptrådane kunna veksa vidare og infisera nytt bladverk. Også uredosporar kan infisera året gjennom dersom klimaet er høveleg. Sporane spirer ved 15 - 20 ºC, høg relativ luftfukt og låg lysintensitet.

Vertplanter

På verdsbasis er fjorten ulike artar av rustsopp registrerte på rododendron. Vanlegvis er dei ikkje noko stort problem, men nokre rododendron-artar og -sortar kan verta hardt ramma.

Alperoserust (Chrysomyxa ledi var. rhododendri) vart i juni 2005 funnen i Hordaland på Rhododendron 'Dora Amateis', R. 'Red Carpet' og R. myrtifolium (ekte alperose).

Bekjempelse

For å redusera smittepresset bør infiserte blad fjernast og brennast. Soppsporane er avhengige av fukt for å spira. God lufting slik at bladverket tørkar snøggare etter nedbør, doggfall og vatning vil gjera det vanskelegare for soppen å etablera seg. Men då rododendron er ei plante som trivest godt i både skugge og fuktig klima, er truleg det beste tiltaket å velja artar og sortar som er sterke mot alperoserust. Vi har ingen liste over resistente rododendron-artar og -sortar, men truleg er R. 'Dora Amateis', R. 'Red Carpet' og R. myrtifolium svake mot alperoserust. Mange andre rododendron-artar og -sortar som stod saman med desse der prøvane vart tatt ut i Hordaland, var heilt symptomfrie.

Litteratur

Blytt, A. (1896). Bidrag til kundskaben om Norges soparter. IV. Peronosporaceæ, Chytridiaceæ, Protomycetaceæ, Ustilagineæ, Uredineæ. A. W. Brøggers bogtrykkeri. 75 s.

Roane, M. K. (1986). Rusts. Side 26-29 i D. L. Coyier og M. K. Roane (red.) Compendium of Rhododendron and Azalea Diseases. APS Press. 65 s.


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2022 NIBIO