NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 10.05.2021 02:01


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Dothideales        Haglskotsjuke på laurbærhegg

Haglskotsjuke på laurbærhegg

Wilsonomyces carpophilus

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
TALGØ,V., TOPPE, B. & STENSVAND, A.
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

Laurbærhegg (Prunus laurocerasus) og andre Prunus-artar er utsette for å få hol i blada, såkalla haglskotsjuke. Dette er svært skjemmande og gjer at bladverket mellom anna ikkje kan omsetjast til dekorasjonar. Det er kjent frå andre land at både bakterie- og soppangrep kan gi haglskotsjuke, men her i landet er det berre funne ein sopp (Wilsonomyces carpophilus)Prunus-artar med haglskotsjuke.

  • Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Sporar av Wilsonomyces carpophilus (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)

Utbreiing

I juni 2006, vart Wilsonomyces carpophilus (tidlegare kalla Stigmina carpophila eller Coryneum beijerinckii) funnen for fyrste gong på skadd laurbærhegg (Prunus laurocerasus 'Otto Luyken') i ein planteskule på Vestlandet. Plantene var importerte frå Nederland. I soppdatabasen ved Bioforsk Plantehelse er det registrert fleire funn av denne soppen på andre Prunus-artar her i landet: aprikos (P. armeniaca), søtkirsebær (P. avium), surkirsebær (P. ceracus), plomme (P. domestica) og fersken (P. persica). Soppen er truleg ganske vanleg på kirsebær her i landet, utan at dette er grundig undersøkt.

Symptom

Ved angrep vert det danna små, gule flekkar som etter kvart veks i omfang og vert brune til grålilla. Flekkane tørkar inn og losnar frå bladplata (Fig. 1 og 2), noko som har gitt opphav til det norske namnet haglskotsjuke. Soppen utviklar sporar (Fig. 3) som ved gunstige tilhøve (regn og langvarig fukt på bladverket) spreier seg i lufta og infiserar nye blad. I hovudsak er det dei yngste blada som er mest utsette for angrep. Etter kvart vert blada læraktige, og det vert vanskelegare for sopptrådane (hyfene) å trengja inn i blada. Det at infiserte område på blada fell ut, er ein mekanisme plantene nyttar seg av for å avgrensa skaden av soppen. Det er berre sporar å finna i den delen som fell ut, ingen i randa rundt holet eller elles på bladplata. Problemet er at den infiserte delen som fell ut, kan landa på andre blad og dermed smitta dei.

Soppen kan også angripa kvilande knoppar, ulignifiserte greiner, blomar og frukter på laurbærhegg.

 

Bekjempelse

For å redusera smittepresset bør infiserte blad fjernast. Soppsporane er avhengige av fukt for å spira. God lufting, slik at bladverket tørkar snøggare etter nedbør, doggfall og vatning, vil gjera det vanskelegare for soppen å etablera seg. Problemet er at laurbærhegg er ei plante som trivest godt i både skugge og fuktig klima, så med unntak av større planteavstand og undervatning i staden for overvatning, er det vanskeleg å kontrollera dette i praksis. Dersom ein har planter i veksthus, er det viktig å lufta godt for å få redusert luftråmen.

                    Oppdatert 27. april 2011

Bilder


Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Sporar av Wilsonomyces carpophilus (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Haglskotsjuke (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2021 NIBIO