NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 13.06.2021 04:50


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Dothideales        Bladflekksopp på kastanje

Bladflekksopp på kastanje

Guignardia aesculi

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
TALGØ, V. & STENSVAND, A.
OPPDATERT:
FØR NOVEMBER 2013

I slutten av august 2006, vart det funne omfattande skade på blad av hestekastanje (Aesculus hippocastanum) ved fleire lokalitetar på Austlandet. Skadane skuldast bladflekksoppen Guignardia aesculi.

  • Nærbilete av ein bladflekk årsaka av Guignardia aesculi. (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)
  • Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)

Symptom

Soppen fører til brune flekkar på blad (Figur 1 og 2). Flekkane kan vera fleire cm2 store, og dei har ei typisk gul sone (halo) mot det grøne vevet på bladplata. I det brune vevet er det tett med bitte små, mørke sporehus (Figur 3). Flekkane oppstår både i kantane av blada og inne på bladplatene. I fylgje litteraturen ser flekkane først ut som vasstrukne, uregelmessige felt. Etter 10-20 dagar eller lengre kjem flekkane meir til syne. Sjukdomen vert kalla "leaf blotch" på engelsk, men han har ikkje fått noko norsk namn enno. Ved sterke angrep krøllar bladkantane seg oppover. Dette er synleg på ein del blad i Figur 1. Blada fell av tidlegare enn friske blad.

Utbreiing

Sjukdomen vart første gong funnen i Europa i 1950 og fins no i mange europeiske land. Her i landet vart soppen registrert for første gong i Horten, Tønsberg og Sandefjord i august 2006. Byrjande angrep vart også registrert i planteskulen og parken ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås. I september fekk vi tilsendt blad frå Grimstad med sterke angrep. Der hadde symptom vore observert dei 2-3 siste åra på eit tre som var planta midt på 1960-talet. På fleire stader i Oslo (inkludert Bygdøy allé) vart det funne flekkar som likna G. aesculi, men sidan det ikkje var danna sporehus i flekkane, kan vi ikkje seia sikkert at skadane skuldast denne soppen. Berre frå Holmlia i Oslo har vi sikre funn av soppen. Både i Bygdøy allé og ved fleire andre lokalitetar i Oslo sentrum var det store sviskadar på hestekastanje, og bladranda på mange tre synte tydeleg tørke- og saltskade. I byrjinga av september vart fleire lokalitetar i Stavanger, Bergen og Hardanger undersøkte. Det vart funne symptom som kunne tyda på angrep av G. aesculi ved Fana prestegard og i Odda sentrum, men det vart ikkje gjort funn av sporane til soppen.

Biologi

Soppen overvintrar i blad på bakken og spreier seg til nye, grøne blad om våren.

Bekjempelse

På eldre tre er angrepa av estetisk art, men i planteskular i Tyskland er det rapportert om relativt store tap. I planteskular vert det difor bruka kjemiske middel i perioden mellom knoppsprett og fullt utvaksne blad, spesielt dersom det var angrep av soppen året før.

Ved å fjerna blada på bakken om hausten reduserer ein smittepresset. Dersom ein ikkje får gjort dette om hausten, bør det gjerast tidleg om våren før veksten kjem i gang.

                      Oppdatert 27. april 2011

Bilder


Nærbilete av ein bladflekk årsaka av Guignardia aesculi. (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Bladflekkar på hestekastanje (Foto: V. Talgø, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2021 NIBIO