NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.03.2019 04:43


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Bakterier        Bakteriekreft i steinfrukt

Bakteriekreft i steinfrukt

Pseudomonas syringae

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
JORUNN BØRVE, JULIANA IRINA SPIES PERMINOW, ARNE STENSVAND OG ARILD SLETTEN
OPPDATERT:
17. september 2018
Bakteriekreft er ein sjukdom som kan gjera skade på alle steinfruktartane våre, på eple og pære og på ei rekkje prydplanter. Klimaet påverkar sjukdomsutviklinga sterkt, og førebyggjande tiltak er avgjerande for å handtera bakteriekreft.
  • Figur 1: Kreftsår av bakteriekreft under ei daud bukettgrein i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 2: Skjeresår med infeksjon av bakteriekreft i søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 3: Infeksjonar av bakteriekreft i søtkirsebær-greinvinklar (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 4: Infisert bukettgrein med gummiflod i søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 5: Raudleg bork under daud bukettgrein på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 6: Kraftig skotvekst nede i eit søtkirsebærtre. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 7: Kraftig skotvekst nede i eit plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 8: Gummiflod og infeksjonar på blad. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 9: Infeksjon av bakteriar ved podestaden i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 10: Infeksjon av bakteriar i pinseringssår i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 11: Infeksjon av bakteriar der treet har vore toppa under oppal. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Figur 12: Bakterieinfeksjon i mekanisk skade. (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Bakteriekreft på surkirsebær (Foto: A. Sletten NIBIO)

Livssyklus

Om våren koloniserar bakterien nye blad etter kvart som dei overlevande infiserte knoppane bryt. I fuktig vêr på føresommaren kan bakterien då vera årsak til bladflekkar og haglskotsjuke. Ofte er det ikkje synleg skade, og bakteriane lever «eit skjult liv» på bladoverflata saman med andre mikroorganismar. I regnvêr om hausten vert bakteriane vaska av blada, renn nedover greiner og stamme og kan infisera treet på nytt gjennom bladarr og sår i borken. Bakteriane kan drepa borken i løpet av vinteren, men symptoma vert som regel ikkje synlege før det vert høgare temperatur utover våren. I mai stoppar angrepet opp, bakteriane døyr ut i borken, men lever vidare på dei unge blada slik som omtala ovanfor. Spreiing føregår også ved vassprut, og smitten kan på den måten spreia seg frå tre til tre i hagen. Spreiing over lengre avstandar føregår med infisert plantemateriale.

Symptom

Bakteriekreft er årsaka av ulike former (patovarar) av arten Pseudomonas syringae. Sjukdomen kan ha ulike symptom på steinfrukttre, og det varierar kor alvorleg angrepa er for trea. Kreftsår på greiner og hovudstamme er vanlegare å sjå på søt- og surkirsebær enn på plommetre. Kreftsåra byrjar gjerne under ein infisert knopp eller ei samling av knoppar, fruktbærande skot eller bukettgreiner (Fig 1). Trea kan også få infeksjonar i sår og skadar til dømes etter skjering (Fig. 2) eller i sprekker i greinvinklar (Fig. 3). Infiserte knoppar døyr gjerne ut i løpet av vinteren (Fig. 4). Desse knoppane vil då ikkje bryta om våren, dei er tørre og fell lett av. Ofte er borken rundt knoppfestet litt innsokke og mørkare raudleg enn elles (Fig. 5). Nokre infiserte knoppar kan bryta normalt, men etter ei stund vil blada frå desse knoppane visna og døy. Andre infiserte knoppar bryt og utviklar seg normalt. Dersom kreftsår ringar ei grein eller ein kvist heilt, vil den delen av kvisten eller greina som er ovanfor såret, visna. Det kan også skje dersom bakterie-infeksjonen er så kraftig at det har stoppa transporten i leiingsvevet i treet. Ved kraftige angrep på hovudstamma kan heile treet døy. Dette gjeld helst unge tre. Dersom transporten i leiingsvevet berre er hemma, hender det at trea reagerer med kraftigare skotvekst på undersida av infeksjonen. Trea er då svekka, men framleis levande på oversida (Fig. 6 og 7). Trea produserer ofte mykje gummiflod både i kreftsår og i andre infeksjonar (Fig. 8).

På blada er bakterien årsak til brunaktige flekkar av daudt (nekrotisk) vev, ofte med ei randsone av gult (klorotisk) vev. Det daude vevet kan falla ut, slik at det vert hol i bladplata (haglskotsjuke). Er det mange slike flekkar på eit blad, kan bladet falla av tidlegare i sesongen enn normalt. Haglskotsjuke kan også skuldast andre bakteriar, virus eller sopp. Bakteriane kan også gje infeksjonar på frukt som liknar flekkane på blad.

Kraftig angrep av bakteriekreft kan føra til at heile treet døyr, spesielt unge tre av søtkirsebær. Eldre tre vil som regel overleva og gjerne koma seg att. Tilvekst og avling kan verta sterkt redusert, både fordi mange knoppar døyr og fordi heile skot og greiner visnar. Det er særleg i kjølege, fuktige vekstsesongar det vert kraftige angrep, medan bakterien har mindre å seia i tørre, varme somrar. Det er stor skilnad mellom sortar av dei ulike steinfruktartane i kva for symptom dei får og i kor stor grad symptoma er alvorlege for trea, sjå under tiltak.

Tiltak

Førebyggjande tiltak
Plant friske tre
Sjå nøye over trea ved planting. Sorter ut tre som har tydeleg skade av bakteriekreft. Plant berre dei trea som er frie for synlege angrep. Ved mottak kan trea ha infeksjonar der det har vore opningar for bakterien å gå til angrep under oppalet. Det vil seia i og rundt podestaden (Fig. 9), i og rundt pinseringssår nede på stamma (Fig. 10), i punktet der trea vert toppa om lag eit år gamle (Fig. 11), i mekaniske skadar og greinvinklar oppe i trea (Fig. 13).

Reduser smittepresset
Skjer bort og fjern daude skot og greiner.

Syt for gode veksevilkår i etableringsfasen for nye plantingar
Dersom trea vert utsette for stress, er dei meir mottakelege for utvikling av bakteriekreft. Stress kan vera uttørking i samband med transport og planting og periodar med tørke eller vassjuk jord etter planting.

Plant sterke sortar
Alle dei aktuelle søtkirsebærsortane i dag er mottakelege for bakteriekreft. For surkirsebær er ‘Fanal’ meir utsett enn ‘Stevnsbær’. Plommesortane ser ut til å ha større skilnad enn søtkirsebærsortane, og det vert observert meir bakteriekreft på ‘Jubileum’ og ‘Reeves’ enn til dømes på ‘Opal’, men det er ikkje gjort systematiske undersøkingar som kan underbyggja observasjonane. Me kan ikkje gje ei sikker tilråding om sortsval i høve til bakteriekreft.

Velg ein gunstig lokalitet
Plant på stader som tørkar fort opp etter regn. Unngå stader som er utsette for frost på ettervinteren og tidleg vår. Frostsvekka tre får ofte svært mykje angrep av bakteriar.

Direkte tiltak
Sprøyting med eit koparpreparat ved bladfall kan hindra infeksjonar. Det vil drepa bakterien på bladoverflata. Ved svært sterke angrep vert det tilrådd å sprøyta minst 3 gonger; rett etter hausting, i september og ved bladfall. Koparresistente stammer av bakterien er kjent.

Les mer om bekjemping i Plantevernguiden.no

Litteratur

Røen, D., Brandsæter, L.O., Birkenes, S.M., Jaastad, G., Nes, A., Trandem, N. & Stendsvand, A. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk Fokus 3 (7). 210 pp.


                   Publisert: 16. september 2013

 

Bilder


Figur 1: Kreftsår av bakteriekreft under ei daud bukettgrein i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 2: Skjeresår med infeksjon av bakteriekreft i søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 3: Infeksjonar av bakteriekreft i søtkirsebær-greinvinklar (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 4: Infisert bukettgrein med gummiflod i søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 5: Raudleg bork under daud bukettgrein på søtkirsebær (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 6: Kraftig skotvekst nede i eit søtkirsebærtre. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 7: Kraftig skotvekst nede i eit plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 8: Gummiflod og infeksjonar på blad. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 9: Infeksjon av bakteriar ved podestaden i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 10: Infeksjon av bakteriar i pinseringssår i søtkirsebær. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 11: Infeksjon av bakteriar der treet har vore toppa under oppal. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Figur 12: Bakterieinfeksjon i mekanisk skade. (Foto: J. Børve, NIBIO)


Bakteriekreft på surkirsebær (Foto: A. Sletten NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet.

Plantevernleksikonet © 2019 NIBIO