NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 09:12


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Nebbmunner        Plantesugere        Bladlus        Egentlige bladlus        Mjøla plommebladlus

Mjøla plommebladlus

Hyalopterus pruni

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Gunnhild Jaastad
OPPDATERT:
22. november 2019

Mjøla plommebladlus er ein vanleg art i Sør-Noreg, og den kan føre til sterke angrep. Bladlusa lagar tette koloniar som kan dekke heile bladundersida. Suginga fører ikkje til bladkrølling, men blada kan verte gule og dette tidleg av.

  • Mjøla plommebladlus (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
  • Mjøla plommebladlus (Tegning: L. Hofsvang)
  • Mjøla plommebladlus (Foto: N. Trandem. Bioforsk)

Utsjånad

Mjøla plommebladlus har lysegrøn kropp med eit mørkare belte langs ryggen. Seinare på året er kroppen dekka av eit kvitt vokslag. Ryggrøyra er korte og vorteliknande.

Utbreiing

Nord t.o.m. Nord-Trøndelag.

Symptom

Blad
Bladlusa lagar tette koloniar som kan dekke heile bladundersida. Suginga fører ikkje til bladkrølling, men blada kan verte gule og dette tidleg av.

Skadepotensiale
Mjøla plommebladlus er ein vanleg art i Noreg, og den kan føre til sterke angrep.

Vertplanter

Melet plommebladlus har plomme og slåpetorn som primærverter og takrør (Phragmites spp.) som sekundærvert.

Livssyklus

Mjøla plommebladlus overvintrar som egg på plomme. Egga klekkjer etter knoppsprett, og unge bladlus lagar koloniar på undersida av plommeblada. Bladlusa skil ut honningdogg som det lett set seg svertesoppar i. Det vert utvikla vinga hoar i juli/august som fyk over på sommarverten, takrøyr.  Deler av populasjonen kan likevel leve heile livet på plomme. På hausten vert det igjen utvikla vinga individ, og desse fyk tilbake til plomme der dei parar seg og legg egg.

Marihøner, gullaugelarver, blomsterflugelarver, nebbteger og snylteveps er dei vanlegaste naturlege fiendane til mjøla plommebladlus.

Bekjempelse

Sjå tiltak mot liten plommebladlus.

 

Bilder


Mjøla plommebladlus (Foto: N. Trandem. Bioforsk)


Mjøla plommebladlus (Tegning: L. Hofsvang)


Mjøla plommebladlus (Foto: N. Trandem. Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO