NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 28.03.2024 14:11


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Sommerfugler        Viklere        Plommevikler

Plommevikler

Cydia funebrana

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Gunnhild Jaastad
OPPDATERT:
Før november 2013
Plommeviklar er utbreidd på Sør- og Austlandet, men er avhengig av høg sommartemperatur for å sverme og leggje egg. Skadepotensialet i Noreg er difor ikkje så stort, men i varme somrar kan denne viklaren gjere stor skade. Hausten 2004 og 2005 vart plommeviklar også funne i Leikanger i Sogn.
  • Plommevikler, skade (Foto: O. Sørum)
  • Plommevikler (Foto: O. Sørum)

Symptom

Frukt
Frå inngangsholet til larvene tyt det ofte ut gummiflod. Larvegangen vert fort brun, og er då tydeleg gjennom skinnet frå utsida. Larvene et fruktkjøtet rundt steinen, og avføring frå larvene vert liggjande der. Utgangsholet til larva er rundt og ca 2 mm i diameter. Det kjem ikkje ut avføring frå inngangs eller utgangshol. Angripne frukter modnar tidlegare og fører til tidleg kartfall.

Skadepotensiale
Plommeviklar er utbreidd på Sør- og Austlandet, men er avhengig av høg sommartemperatur for å sverme og leggje egg (over 15,5 ºC mellom kl. 19 og 24). Skadepotensialet i Noreg er difor ikkje så stort, men i varme somrar kan denne viklaren gjere stor skade. Hausten 2004 og 2005 vart plommeviklar også funne i Leikanger i Sogn.

Utbreiing

Austlandet, Sørlandet, Vestlandet.

Vertplanter

Plomme.

Livssyklus

Plommeviklar overvintrar som fullvaksen larve i silkekokong under laus bark eller andre liknande stader. Larvene forpuppar seg tidleg på våren. Dei vaksne plommeviklarane svermar 2-3 veker seinar, frå seint i mai til ut i juli. Hoene legg flate, fargelause egg på karten. Larvene borar seg inn i fruktene like etter at dei klekkjer frå egga. Dei et fruktkjøtet rundt steinen, og forlet frukta når dei er fullvaksne.

Då plommeviklarlarvene lever mesteparten av livet inni plommene, er ikkje nebbteger, gullaugelarver, marihøner osv viktige naturlege fiendar for larvene. Virus, bakteriar og sopp som kan smitte egg og unge larver er truleg naturlege fiendar til plommeviklaren.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Larve
Larve
Voksen
Egg

Bekjempelse

Det er ikkje utvikla ei nasjonal varsling for plommeviklar, men det er feromonfeller tilgjengeleg på marknaden. Desse kan ein nytte for å finne om plommeviklar finst i hagen, kor stor populasjonen er og når sverming og egglegging startar (sjå http://www.phero.net/ og http://www.pherobank.nl/ )

Feromonforvirring er nytta som tiltak i nokre land. Bestanden av plommeviklar kan reduserast ved å fjerne angripne kart og ved å nytte bølgepapp rundt trestamma (sjå epleviklar). Kjemiske tiltak bør setjast inn mot egg/nyklekte larver.

                         Oppdatert 14. mars 2011

Bilder


Plommevikler, skade (Foto: O. Sørum)


Plommevikler (Foto: O. Sørum)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO