NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 29.03.2024 05:27


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Rustsopp        Pucciniaceae        Rustsopp på pære

Rustsopp på pære

Gymnosporangium spp

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Gjærum, H.B. (Bioforsk Plantehelse) & Gauslaa, Y. (Umb)
OPPDATERT:
Før november 2013

Rustsoppane hagtornrust (Gymnosporangium clavariiforme) og Gymnosporangium sabinae kan begge angripa pæreblad. Hagtornrust har vertskifte med vanleg einer (Juniperus communis), medan G. sabinae har vertskifte med meir eksotiske einerartar. Hagtornrust har vore etablert i Noreg i ei årrekkje, medan den sistnemnde vart stadfesta for første gong her i landet på kinaeiner (J. chinensis) i Kristiansand i mai 2006.

  • Rust på pæreblad (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)

Utbreiing

Rust på pæreblad er observert frå Oslofjord-området til Nordfjord (Jørstad 1962). Til no har ein rekna med at angrepa berre skuldast hagtornrust, men i Kristiansand i oktober 2005 fann vi rustinfiserte pæreblad som seinare synte seg å vera angripne av G. sabinae.

Symptom

Dei to soppane kan ikkje skiljast frå kvarandre basert på symptom på pæreblad, fordi begge dannar uregelmessige, oransjeraude flekkar på oversida og skålrust på undersida og på bladstilkane (Figur 1). For sikker identifisering må ein finna sporehopar (teleutosporar) på einer.

Rustinfiserte pæreblad angripne av G. sabinae: Figur 2 syner litt av undersida av eit av desse blada. Utvekstane under bladet såg så seint i sesongen ut som små, håra krater (skålrust). Pæretreet blada kom frå, stod berre 1 - 1,5 meter frå ein kinaeiner der det i 2006 vart funne guloransje sporehopar av G. sabinae (Figur 3). Figur 4 er eit bilete tatt i mikroskop av teleutosporar frå ein av sporehopane på kinaeineren (teleutosporar av G. sabinae kan skiljast frå tilsvarande sporar frå hagtornrust ved at dei mellom anna er breiare). Det var omfattande skade på bladverket på heile det aktuelle pæretreet i Kristiansand og fruktene ramla av lenge før mogning, men det vart ikkje observert rust på fruktene. Symptoma hadde vore observerte i omlag ti år, men omfanget av rust hadde auka over tid. Den korte avstanden mellom pæretreet og kinaeineren gjorde at vi var sikre på at symptoma på pæreblada frå denne lokaliteten i Kristiansand skuldast G. sabinae (Gjærum et al. 2007). Rusten kan ha kome inn i landet ved import av einer-artar som G. sabinae vertvekslar med. G. sabinae er rapportert frå mange land i Europa og fins også i Asia, Afrika og Nord-Amerika.

Vertplanter

Både hagtornrust og G. sabinae kan angripa pæreblad, men som namnet tilseier, går hagtornrust først og fremst på hagtorn (Crataegus spp.). G. sabinae har vertskifte med kinaeiner, sabinaeiner (J. sabina) og virginiaeiner (J. virginiana), men ikkje med vanleg einer. Hagtornrust har derimot vertskifte berre med vanleg einer her i landet (Talgø et al. 2007), men frå utlandet er det kjent at han også kan gå på andre einer-artar (J. hibernicus, J. nana, J. oxycedrus, J. sibirica, J. rigida). Rust på pæreblad er svært vanleg elles i Europa.

Bekjempelse

Det viktigaste tiltaket er å bryta livssyklusen til rustsoppen ved å fjerna angripen einer som står heilt i nærleiken av pæretre.

Litteratur

Gjærum, H. B., Gauslaa, Y. og Talgø, V. 2007. Gymnosporangium sabinae found in Norway. New Disease Reports.

Jørstad, I. 1962. Distribution of the Uredinales within Norway. Nytt Mag. Bot. 9:61-134.

Talgø, V., Gjærum, H. B. og Stensvand, A. 2007. Hagtornrust. Park & Anlegg 6(5):33.

                    Oppdatert 2. mai 2011

Bilder


Rust på pæreblad (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO